laurdag 28. april 2007

Det er laurdag kveld, og medlemsmøtet er offisielt avslutta. Den som trur ein får sett noko særleg av verden når ein reiser på denne type møter, tek feil. Vi har knapt sett Baku i dagslys så langt. I går kveld var ikkje møtet ferdig før klokka 22; då fyrst kunne vi dra for å spise middag. Sidan onsdag morgon har eg sove ca 11 timar tilsaman.

I går kveld fekk vi likevel sett litt anna ein hotellet når vi skulle spise middag. Staden vi spiste på var eit gammalt karavaneserai med tradisjonell aserbajdsjansk mat.


Det norsk-svenske bordet

Arrangørane hadde tromma sammen eit solid folkloristisk program, som inkluderte kvinner og menn i meir eller mindre klede som dansa og sang. Vi fikk sjølvsagt ikkje vite før etterpå at dei intense sangane som vart sunge, handla om dei fæle armenarane som burde kome seg dit pepparen gror (altså: alle andre stadar enn Nagorno-Karabakh).

Det kjem vel ikkje som noko overrasking at vi vert filma også når vi et...


Det som i starten verka som eit smaklaust, men likevel anstendig, magedanseshow, tok ei ny retning då dei innfødde byrja putte pengar både her og der

I dag var altså møtet slutt. Vi hadde på førehand frykta at både armenerane ikkje skulle kunne kome på møtet, og at møtet skulle verte misbrukt i media for å legitimere regimet. Dette var også det som skjedde.

I morgon skal vi ha det møtet som eg kanskje har sett mest fram til. Då skal vi møte ein av dei ungdomsaktivistane som var mest aktive under demonstrasjonane i etterkant av valet i 2005.



Ingen kommentarer: