tysdag 24. april 2007

VELKOMMEN TIL ABSURDISTAN

"Fra taket så jeg utover min verden, den tykke festningsmuren i Gamlebyen og ruinene av palasset med den arabiske inskripsjonen ved inngangen. Gjennom gatevirvaret skrittet kamelene med så myke og delikate ben at man var fristet til å klappe dem. Foran meg hevet det plumpe, runde Jomfrutårnet seg, omkranset av legender og turistførere. Lenger borte, bak tårnet, begynte havet - det helt historieløse, blygrå og uutgrunnelige Kaspiske hav, og i ryggen var ørkenen - takkete klipper, sand og tornebusker, rolig, stumt, uovervinnelig, verdens vakreste landskap."

Denne skildringa av Baku ved byrjinga av det 1900-talet, fann eg i den fantastiske boka "Ali og Nino", skrive under pseudonymet Kurban Said.

Kva finn ein att av det Baku som Said skildra, når ein vaknar opp på eit SAS-hotell i Baku 100 år seinare? Den tjukke festningsmuren rundt Gamlebyen står framleis her; det same gjer Jomfrutårnet. Det kaspiske havet ligg der framleis rett utanfor hotellet vårt, sjølv om boreriggane mot horisonten har vorte fleire. Ørkenen veit eg lite om, den kunne eg berre så vidt merke eksistensen av då eg tok nattoget frå Baku til Tbilisi i fjor haust.


Bilete av hotellet vårt (i framgrunnen) tatt i dag. Det kaspiske havet framføre.

Det er kamelane som manglar i Baku anno 2007; vi har ikkje sett ein einaste pukkel i løpet av heile dagen. Dei moderne kamelane, oljemercedesane, er alt anna enn venlege der dei gir full gass mot oss når vi freister å krysse vegen.

Dag 1 i Baku har vore ei merkeleg oppleving. Etter å ha landa klokka 03.30 i natt og kjempa oss gjennom verdas dårlegast organiserte visasystem, traff hovudet puta klokka 06.15 i dag tidleg. Nøyaktig 2 timar og 15 minutt seinare ringte vekkerklokka: klart for fyrste møte!

Vi byrja med eit møte med den norske ambassaden i Baku. Ambassaden er kjent i landet for å vere ein uredd kritikar av aserbajdsjanske styresmakter, sjølv om norske oljeinteresser står på spel. Her fekk vi og overlevert resolusjonen om Aserbajdsjan som LNU sine medlemsorganisasjonar vedtok forrige helg. Eg har skrive ei sak om dette møtet til LNU sine nettsider.

Neste post på programmet var å vere forundra tilskodarar til ei pressekonferanse den aserbajdsjanske vertsorganisasjonen heldt. Når var det sist 5 TV-kamera på eit LNU-arrangement? Vi får håpe at ikkje det at leiaren av vertsorganisasjonen sit i det aserbajdsjanske kringkastingsrådet har noko med saka å gjere...


Bilete syner ein kameramann frå den aserbajdsjanske dagsrevyen som er litt i overkant interessert i Rune (med rutete skjorte). Kan han vere frå KGB?

TV-kamerar har forresten vore eit av dei store tema her i dag. På førehand var LNU redde for at dette arrangementet skulle bli brukt i regimet sin propaganda. Mykje kan tyde på at det er i ferd med å skje. I natt når vi kom ut av flyplassen vart vi møtt av TV-kamera. Dei fulgte oss til og med inn i den slitte bussen vi skulle kjøre til hotellet.

Ei rekke av deltakarane på møtet var med på ein "city-sightseeing" i dag. Brått stoppa bussen på ein kirkegard, delegatane gjekk ut og var møtt med ein skog av TV-kamera. Så fekk dei kvar sin blomst som dei fekk beskjed om å legge på ei av gravene. I ettertid viser det seg at dette var grava til den tidlegare autoritære presidenten Heidar Aliev.

For oss som ikkje var på sightseeing var neste post på programmet møtet med Human Rights House i Azerbaijan. Veldig spennande, og eg fekk i alle fall ei mykje betre forståing av korleis kvardagen for frivillige organisasjonar er i landet.

Som skrive i går, så har vi ikkje akkurat lagt opp til å kome til topps i kåringa "møtet sin mest populære delegasjon". Vi har gått hardt ut og kritisert både regimet i Aserbajdsjan og vertsorganisasjonen NAYORA. Sjefen sjølv, leiaren av NAYORA, parlamentsmedlem og medlem av kringkastingsrådet, kom bort til oss i ei pause i dag og ville diskutere den kritiske pressemeldinga vi har sendt ut.

Vi stilte opp til møte med han saman med den danske delegasjonen. På førehand hadde vi vorte einige om at vi skulle kjøre ei veldig ikkje-konfronterande linje. Det krevst ein del sjølvdisiplin å site ved sidan av ein fyr som er frekk nok til å skryte av korleis lokalsamfunnet i valgdistriktet hadde støtta han då han vart valgt inn i parlamentet i 2005. Samstundes sit vi altså på ganske klare indikasjonar på at han vart valgt på grunn av omfattande valgfusk.

Til tross for at vi har gjort oss lite populære hjå vertsskapet, så legg det ingen dempar på deira iver etter å proppe oss fulle av gaver. Dette biletet viser samlinga så langt, der eg er spesielt imponert over at dei har laga eigne skjorter og pennar i høve møtet. I tillegg kan spesielt interesserte som meg kose meg over bøker av typen: "The series of The true facts about Karabakh", utgitt av Heidar Aliev Foundation. Her er eit bilete av dagens fangst:


No er klokka 00:50 lokal tid, og eg har vore oppe dei siste 31 timane med berre to timars svevn. Sove no, i morgon byrjar sjølve møtet.

3 kommentarer:

kristine sa...

du e der du jA?
de viste ej ikkje:) kor lenge skal du vær der?
ej skal til mosjøn når du skal...skal ann-mari me?eller e de kunn du?

Anonym sa...

"Denne skildringa av Baku ved byrjinga av det 1900-talet, fann eg i den fantastiske boka "Ali og Nino", skrive under pseudonymet Kurban Said."

Her kunne det jo med fordel ha stått "den fantastiske boka "Ali og Nino"... som jeg fikk av min strålende vakre og overdådig generøse kone Ann-Mari". Ikke bare var det jo faktisk jeg som snublet over denne perlen, men den illustrerte omtaleformen kan være grei å bruke overfor representanter for regjeringen, slik at både du og kneskålene dine kommer tilbake til meg i god behold... ;)

Anonym sa...

hehe, samme gaver som vi fikk, seminarte vårt hadde egen t-skjorte og vi fikk en pose fra turist og kultur ministeriet med diverse brosjyrer og souvernirer