KORLEIS FÅ EIN AVSLAPPANDE SØNDAG
- dedikert til tidlegare kollega Kristian Fjellanger som lurte meg til å seie ja til å halde eit foredrag i København ein søndag i mai
06:35
Bråvaknar og er sikker på at eg har forsove meg. Men neida, ein halv time til klokka ringer. Merker at det var ein dårleg idé å vere oppe til klokka 01:30 i går.
07:00
Står opp. Sender varme tankar til Kristian som spurte meg om å halde dette foredraget. Sender også varme tankar til meg sjølv, fordi eg må vase meg innom kontoret før eg kan reise til Gardermoen. Har ikkje fått skrive ut presentasjonen, og har ikkje skrivar heime.
08:02
31-bussen til sentrum er i rute. Kjem på at eg har gløymt boka som eg hadde håpt å kose meg med på veg heim i kveld. Eit skår i den munterheita som har prega mitt sinn så langt i dag.
08:17
Framme på kontoret. Er oppløfta over å sjå at ingen av kollegane mine er på jobben på denne tida. Det hadde nesten vore litt trist. Får skrive ut det som må skrivast ut.
08:45
Vandrar glad og lystig mot Oslo S
09:05
Ære være, det fantastiske flytoget. Men svolten byrjer å gnage. Utan frukost fungerer Marius dårleg.
09:26
Ankomst Gardermoen
09:31
Er ved gate 38. Ein definitv personleg rekord på distansen Flytog-til-gate. Ser forøvrig potensiale til ein ny konkurranse på kontoret.
09:35
Klart for overprisa og ikkje spesielt god frukost. Inntil nyleg fikk ein frukost med kaffi på SAS sine morgonflygingar til København og Stockholm. No har dei slutta med det, og serverer i staden frukost på innenlandsflya. Det er ei ganske fattig trøst for meg akkurat no.
10:15
Avgang i rute, trass i at det som måtte vere ein pensjonistklubb brukte usannsynleg lang tid på å få buksert seg på plass.
10:45
Prøver å få lest gjennom presentasjonen min ein siste gong, men sovnar halvvegs. Usikker på om det er presentasjonen eller mangel på kaffi som er årsaken.
10:46
Kjøper meg ein kaffi.
11:15
Set hjula i bakken på Kastrup. Det er no berre 1 time til eg skal halde mi innleiing på andre sida av København.
11:30
Får tak i ein taxi som lover meg å vere framme om 25 minutt. Blei svindyrt, planlegger å ta tog tilbake.
12:00
Kjem til foredragsstaden. Programmet er endra, og eg skal ikkje på før 12:45. I mellomtida er det lunsj. God lunsj
12:55
Min presentasjon byrjer etter litt forseinkingar. Eg snakkar om kvifor staten gir støtte til frivillige ungdomsorganisasjonar.
14:00
Ferdig med presentasjonen, forstår at no må eg kome meg attende til flyplassen.
14:01
Det var dumt å ikkje spøre om vegen til togstasjonen før eg gjekk frå hotellet, men eg er for stolt til å snu. Skryt gjerne av den gode stadssansen min.
14:06
Støter på to fyllikar som eg tenkjer kanskje kan hjelpe meg, og jammen veit dei ikkje vegen til stasjonen.
14:14
Eg går og går, men ser ingen stasjon. Byrjer tenkje at det var ein dårleg idé å høyre på fyllikane.
14:15
Det kjem ein buss som skal til ein annan togstasjon som eg kan ta toget til Kastrup frå. Det er no to timar til flyet skal lette.
14:16
Bussen passerer den stasjonen eg eigentleg skulle til, berre hundre meter lenger borte i vegen.
14:25
Framme på togstasjonen. Ser at toget gjekk 14:23. Akk og ve, eg levde i den trua at det gikk tog til Kastrup heile tida. No må eg vente til klokka 14:53. Spør ein DSB-mann på stasjonen om kor lang tid toget tek. Han svarer ca ein halv time.
14:53
Toget kjem i rute, hurra. Men ombord står det at toget er framme på Kastrup klokka 15:27. Det vil seie at eg har 45 minutt før flyet skal ta av, og berre 15 minutt før boardingtime. Greitt nok brukte eg 5 minutt frå Flytoget til gaten på Gardermoen, men dette er Kastrup i verste rushtida, kjent for sin treige sikkerheitskontroll.
15:27
Toget er framme. Tjukt med folk overalt gjer det vanskeleg å kome fram. Fordi eg sjekka inn på nettet i går kveld og ikkje har bagasje, kan eg storme forbi alle dei forvirra passasjerane i innsjekkingsområdet.
15:37
Klarte å kome meg frå toget, gjennom sikkerheitskontrollen og til Tax Free-butikken på 10 minutt. Er ganske stolt. Butikken har ikkje det eg ser etter.
15:50
Ved gaten. Eller det som eg fyrst trudde var barnehagen for dei flyplasstilsette. Det er nemmeleg ein vanvittig mengde med born som skal vere med flyet. Og saman med dei ein gjeng ekstremt stressa vaksne. Eg merker at humøret er på veg mot eit nytt lavmål.
16:35
Flyet seier farvel til asfalten på Kastrup. Dei overtrøtte borna jubler og klapper i hendene. Vi er 20 minutt forsinka, også på grunn av dei nevnte borna. Har store forhåningar om likevel å rekke 17:45 bussen til Sinsen.
17:30
Vi landar. Dei overtrøtte borna jublar og klapper igjen. Eg er også kanske sikker på at eg høyrte ein av dei vaksne stemme i med ”Ja vi elsker” i rein glede over gjensynet med gamlelandet.
17: 35
Halsar meg gjennom ein saueflokk med charterturistar, alle nedlasta med Tax-Free-posar. Dei som ikkje har fått fyllt opp kvota stormer mot butikken i bagasjeområdet. Eg har ikkje tid, vil heller kome ein halvtime raskare heimatt.
17:36
Gjennom tollen, utan verken det eine eller det andre i bagasjen.
17:40
Eg rekk bussen med 5-minutts margin. Set meg godt til rette for å skrive på bloggen.
18:30
Flybussekspressen går inn for landing på Sinsenterrasen.
18:35
Kan endeleg låse meg inn heime og sjå fram til neste søndag, då eg ikkje har planar om å reise ein millimeter utanfor Ring 3.
1 kommentar:
off!hørest ut som en travel søndag:)
men bra du rakk alt da:)
jekk foredrage bra?=)
Legg inn en kommentar