søndag 4. november 2007

DRANG NACH OSTEN

Det er laurdag kveld og klokka nærmar seg 22. Vi har brukt kvelden på å reise frå Dnepropetrovsk i den austlege delen av Ukraina til Kiev. Etter ein begivenheitslaus flytur, har den illeluktande pirattaxisjåføren endeleg klart å finne fram til rett adresse. Det regner ute, og det vesle som finnast av gatelys har gitt opp kampen mot dei endelause rekkene av grå bygningar. Her er det vi skal bo, på eit av studenthusa i Kiev.

Resepsjonsdamene, og dei nært beslekta etasjedamene, er ein eigen art i Aust-Europa. Det virker som ein systematisk har rekruttert kvinner som er lei av livet til desse jobbane. Eit prakteksemplar av arten vakta inngangen til hybelhuset vårt. Som vår ukrainske venn kort konkluderte: ”She doesn’t like you”. Vi fekk etter kvart fatt i ein nøkkel til eit krypinn i 6. etasje. Etter å kasta eit blikk på heisen konkluderte vi med at trappa nok var det beste alternativet. Trappa var også det området i blokka der beborane valgte å kaste søpla si.



Døra til hybelen vår lot seg opne ved å halde klinka nede og gi døra eit solid spark, sånn ca i knehøgde. Synet som møtte oss auka respekten min for ukrainske ungdommar som vel å studere. Tremannshybelen var så nedsliten og skiten at berre det å gå inn der baud ein i mot.


På eit eller anna tidspunkt var det ein luring som syntest dette var ein god idé. I tillegg til det rent visuelt problematiske, gjorde dekorasjonen også at korkje lokket eller doringen (for øvrig i skumgummi) kunne stå oppe.


Bad med oppussingsbehov


Tre senger på eit alt for lite rom. Sengene må være noko utdanningsdepartementet har fått kjøpt billig når arbeidsleirane i Sibir stengde for godt.

Vår fyrste tanke var å kome oss ut derfrå så fort som mogeleg. Ein døgnopen restaurant i sentrum av Kiev vart redninga. Der vi sat var vi svært nær ved å ikkje reise attende til hybelhuset og heller tilbringe natta på ymse restaurantar og pubar i sentrum. Etter ein heil dag med fyrst konferanse og deretter lang reise blei det ganske snart semje om at søvn tross alt var naudsynt.

Som om ikkje det er nok at ukrainske studentar må bo på dårlege studenthyblar, så må dei også være attende på studenthuset til klokka 00.30. Då legg resepsjonsdama seg for å sove. I det vi nok ein gong vandrar opp dei mørke bakgatene har sjølvsagt klokka blitt langt meir enn 00.30. På denne tida av døgnet er området enda meir skummelt. Spesielt gjer hordane av laushundar eit sterkt inntrykk der dei gnell rundt oss. Vi er sikre på at dei legg ein plan for å ta oss.

Døra til hybelhuset er sjølvsagt stengt. Eg rister forsiktig i døra for å gjere resepsjonsdama klar over vårt nærvær. Ingen ting skjer. Eg bankar på døra, og ikkje lenge etter høyrer vi subbande føtter på den andre sida. I dørvindauget dukkar det opp eit andlet fordreid av raseri. Det er den same resepsjonsdama som ikkje likte oss. Munnen går ustanseleg med det som er ukrainske eller russiske gloser. Vi vel å snakke norsk i eit forsøk på å virke så dumme som mogeleg. Døra vert opna, vi smett inn, lirer av oss nokre gloser på norsk og lusker mot trappa. I bakgrunnen høyrer vi dama fortsette si forbanning over desse idiotane frå Norge.

Det å legge seg i senga har vore eit tema vi har freista å skyve framføre oss til no. I det vi igjen kjem inn i vår vesle hybel er dette noko vi må ta stilling til. Ein kik under teppet på senga gjer utslaget: hit skal ikkje min kropp. Ein lakenpose kunne vore god å ha, men den ligg att heime. Løysinga vert å legge eit laken opp på senga og den svært skitne puta, og deretter meg sjølv på toppen med alle kleda på.

Natta vart lang. Dei kalde vindane frå Sibir hadde bestemt seg for å gjere ei vitjing til Ukraina samtidig som oss. Då er ikkje det å sove utan korkje dyne eller teppe over seg tingen. Samtidig gjorde senga sitt beste for å bore seg gjennom ryggen min.

Gleda var derfor stor då morgonen kom. Nedturen var desto større når vi innsåg at vi ikkje klarte å kome oss ut frå hybelen. Vi hadde i tillegg til den vanlege låsen også låst døra med smekklås. Same kva vi braut og sparka (på døra som gjekk innover), så lot den seg ikkje opne. Til slutt innsåg vi at den einaste løysingane var å ringe til reisefølget vårt som bodde i naboblokka og be dei be vår resepsjonsdame om å kome opp og opne døra. Med tanke på vår rendezvous med dama i natt, såg vi ikkje særleg lyst på den løysinga.


Kanskje like greit at ikkje brannalarmen gjekk i natt

Mirakla si tid er ikkje forbi. Etter at vi hadde ringt og sagt frå, klarte ein av mine samboarar ved å kombinere tre års erfaring frå militære og eit utal festar i Nord-Trøndelag, å få opp døra, akkurat tidsnok til å unngå at resepsjonsdama fikk høyre om kva som hadde skjedd.

No er vi ute frå studenthybelen. Resten av reisefølget har reist heim, og eg er åleine att i Kiev. Eg bor no på eit hotell sentralt i byen slik at eg lettare kan kome meg frå og til dei møta eg skal ha dei komande dagane. Ikkje at det gjer livet noko meir keisamt. I løpet av ettermiddagen i dag har eg rukke både å avverge å bli svindla/lurt/robba (ein mann som gjekk framføre meg i ei sidegate ”fann” ein pose med tusenvis av dollar på fortauet og ville ha meg til å hjelpe han å finne eigaren. Då kameraten hans dukka opp skygga eg raskt banen) og eg har allereie rukke å krangle med resepsjonsdamene på hotellet:
- Have you paid your room in advance?
- Yes I have.
– No you haven’t.
- Yes, I have.
- No you haven’t you can pay by card og cash.
– So the fact that my voucher says ”prepaid” and ”OK by Larissa” doesn’t matter?
– Card or cash?

Kva er det som gjer at eg aldri får nok av Aust-Europa?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Marius! Du er fantastisk! Claire

Rune sa...

Forstår ikke hvorfor jeg ikke ble øst-europa konsulent i stedet for...

Fantastisk do-sete!

Hører også resepsjonisten helt hit til Oslo - må være de sibirske vindene som tok turen innom Kiev og fortsatte like greit helt til Oslo.

Hvordan endte historien med hotellet og betalingen?

En pose med dollar hadde vært greit å ha...

Ha noen fortsatt vennlige dager i vår alles kjære Kiev

Rune

Anonym sa...

Fet blogg!!!
>Terje Ranhoff

Anonym sa...

Jeg måtte nesten bare kommentere det dosetet. Utrolig, helt enestående. Virkelig eks-Sovjetunionen i et nøtteskall! Send det fotografiet inn til høstutstillingen! Fristen er i april/mai.

Fabian