tysdag 6. november 2007

TIDELIBOM

Middagsavtalen min har meldt avbod. Mitt einaste selskap på CiliPizza er ein halvliter Baltika og pizzaen Romeo. Romeo har bernaisesaus over heile seg, men det plagar han visst ikkje noko nemneleg. Gjennom den enorme glasveggen på restauranten ser eg ned på sjølvstendeplassen, Maidan. Her var det Oransjerevolusjonen utspelte seg i 2004.


Eg og Baltika bloggar og venter på Romeo.


- Ein perfekt stad for revolusjonar, tenkjer eg. Frå plassen går eit uttal gater; noko som gjer det enkelt å kome seg ut og inn. Den har trapper og blomsterbedd overalt, noko som gjer det vanskeleg for militæret og politiet å gå til angrep. Og sist men ikkje minst så er det bygd eit fancy kjøpesenter under plassen. Vert dagane ved teltleiren lange, kan ein ta rulletrappa ned for å sjekke ut dei siste motane på Zara eller proviantere ein BigTasty på MacDonalds.

Nokon har sagt at det førre innlegget mitt om Kiev var noko negativt. Eller rettare sagt ”passande som bakteppe for ei eller anna mørk beretning i smal film på filmfestivalen i Tromsø.” Det er sjølvsagt slik at Kiev er meir enn berre grå betongblokker og sinte hundar. Kiev er ein metropol. Når ein går ned Khresjatik kunne ein like gjerne vore i London eller Berlin, om det ikkje var for dei kyrilliske bokstavane.

Kiev er ein metropol. Ukraina er eit gigantisk land i Europa. Det er likevel noko som kan tyde på at landet har eit mindreverdigheitskompleks. For eksempel det enorme monumentet på plassen utanfor vindauget til CiliPizza. Monumentet er til minne om Ukraina sitt sjølvstende frå Sovjetunionen i 1991. Det er ikkje bra å snakke stygt om sjølvstendemonumenta til folk, men dette monumentet er i overkant kitch og ser ut som ei blanding av eit gresk tempel og Viktoriasøyla i Berlin.

Eit paradoks då, tenkjer eg, at oppslutninga om lausriving frå Sovjetunionen var så laber i Ukraina heilt fram til 1990. Politisk maktkamp gjorde prosjektet Ukraina mogeleg. Slik seier ein sjølvsagt ikkje høgt på gatene i Kiev no; i dag vert Ukrainas sjølvstende sett på som ei naturleg avslutning av ei lineær utvikling frå 800-talets Kiev-stat. Kanskje ikkje så rart, då, at dei har behov for eit stort sjølvstendemonument.

På ei høgde over plassen ligg hotellet mitt. Beliggenheita kunne ikkje vore betre og romma er ok. Følelsen av Aust-Europa er likvel påtrengande, og ingen stadar er denne følelsen meir påtrengande enn under frukosten. I det ein kjem inn i den brune frukostsalen vert ein brykst plassert ved eit pådekka bord. Eg vart plassert på eit oppsamlingsbord for dei som er så dumme at dei reiser åleine. Maten er allereie fordelt på alle borda og har stått der sidan klokka 7 om morgonen. Ein liten gul bjørn smiler mot meg frå ein av dei to sjokoladane frukostdama har bestemt at eg skal ha til frukost. Teksten på sjokoladen seier at han er superagent, og det forklarer kvifor han har eit patronbelte rundt aksla. Han skulle tatt seg ein tur til Hedmark, tenkjer eg.

Og hotellbetalinga korleis gjekk det med den? Eg ga opp og sa ok, eg betalar med kort og så ringer eg reiseselskapet i morgon og får ordna opp i dette. OK, seier resepsjonsdama og fortset med sitt papirarbeid. Etter 2 minutt ser ho opp på meg med eit uttrykk som klart seier at ho ikkje forstår kvifor eg framleis står og heng. Eg for min del signaliserer at eg ikkje heilt veit kva eg skal gjere. Vil ho ikkje ha betalt? - Your payment is OK. Go. Key on 3 floor.

Romeo og Baltika har teke kvelden, og eg sit att åleine. Eg ser ut på sjølvstendeplassen under meg. På den eine sida av plassen blinkar eit MacDonalds-skilt i mørkret. På den andre sida står fridomsmonumentet og strekk seg mot himmelen. Ned frå den svarte natta fell fnugg etter fnugg mot glaset på CiliPizza.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Denne bloggen er fantastisk. Beste start på dagen.

Therese sa...

Eg kosar meg med bloggen din:) Gledar meg til å sjå alle bileta!