søndag 1. august 2010

Gjennom Bosnia-Hercegovina


Frå øya Hvar skulle vi attende til Beograd gjennom Bosnia-Hercegovina. Kontrasten mellom tankelaust strandliv på kroatiakysten og det som møter ein i nabolandet berre nokre kilometer aust, er stor. Bosnia-Hercegovina er eit land det ikkje er mogleg å reise til, utan å byrje å stille dei store spørsmåla om menneskenaturen og om krig og fred og sånn. 15 år etter at serbarane, kroatane og bosnjakkane vart pressa til ein fredsavtale i Dayton, er konflikten mellom dei tre folkegruppene framleis alt for synlege.

Dette blogginnlegget er difor ikkje spesielt lystig lesning.

Vi reiste tvers gjennom landet; fyrste stopp for oss var Mostar. Byen er kjent for den vakre brua over elva Neretva, og for å vere skodeplassen for nokre av dei tristaste og mest uforsonlege krigshandlingane på 1990-talet. Fyrst mellom serberar på den eine sida og kroatar og bosnjakkar på den andre. Når serberane var pressa attende, byrja kroatane og bosnjakkane å krige mot kvarandre. Frontlinja gjekk tvers gjennom sentrum av byen, og utbomba hus står framleis som gapande sår for å minne oss om kva som foregjekk.

Den gamle brua er bygd opp att, ein del turistar vandrar rundt i gamlebyen, men teikna på fiendskap er framleis synlege. Det er den nasjonalistiske tagginga på veggane. Det er dei store korsa som er reist i landskapet for å markere at dette er kristent territorium, ikkje muslimsk. Det er dei kroatiske flagga som vaiar demonstrativt for å vise at lojaliteten ikkje er til landet dei bur i, men til nabolandet Kroatia.

Brua over Neretva. Opprinneleg berre ei bru for å krysse elva. I dag eit symbol på den delte byen Mostar

Moské i solnedgang ved elva Neretva i Mostar

Etter ei natt i Mostar tek vi buss vidare til Sarajevo. Dette er mitt tredje besøk til Sarajevo, men det er ein by som ikkje sluttar å fascinere. Byen si historie kan lesast lag for lag når du kjem køyrande inn mot sentrum. Fyrst forstadane i klassisk «kommuniststil» med store betongblokker frå perioden som republikkhovedstad i Jugoslavia. Deretter bysentrum som vitnar om tida som provinshovedstad under keiseren i Wien. Og til slutt basarområdet som ei påminning om byens lange historie under sultanen i Istanbul.

Hjørnet der den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip skaut og drepte erkehertug Franz-Ferdinand. Ein utløysande årsak til fyrste verdskrigen.


Også i Sarajevo er krigen synleg, men ikkje i like stor grad som i Mostar. I neste fire år beleira bosnisk-serbiske styrkar byen gjennom å stenge alle tikomstvegar og pumpe granatar mot byen frå åssidene rundt. 10 000 mennesker døde i beleiringa av Sarajevo, mellom dei 1 500 barn. Vi får ein guide til å køyre oss rundt i byen og forklare oss korleis beleiringa gjekk føre seg.

Guiden vår fortel om beleiringa av Sarajevo. Eit makabert kart kombinerer informasjon om serbiske stillingar og om OL-anlegga under vinter-OL i 1984.

Etter tre dagar i Sarajevo set vi oss igjen på bussen. No går turen gjennom den serbiske delen av landet, Republika Srpska, og vidare til Serbia.

Oppbygginga av Bosnia-Hercegovina er for innfløkt til å gå i detalj om her, men her kjem ein kortversjon:

Landet har to geografiske område, Bosnia og Hercegovina. Etter Dayton-avtalen er er også landet ein føderasjon med to administrative delar med stort sjølvstyre: Republika Srpska (serbisk dominert) og Føderasjonen av Bosnia-Hercegovina (bosnjakk- og kroatdominert). Desse to administrative delane går på tvers av dei to geografiske områda.

For statsvitarar er det ein morosam tvist at Bosnia-Hercegovina er ein føderasjon som inneheld ein føderasjon. Men det er sjeldan særleg morosamt å bo i statsvitskapleg «morosame» land. Den svært desentraliserte strukturen gjer at det er heilt umogeleg å få gjennomført noko som helst.

Turen austover frå Sarajevo er paradoksal. På den eine sida det fredlege og vakre landskapet vi køyrer gjennom, på den andre sida tanken på kva som skjedde i akkurat same området for berre 15 år sidan. Vi køyrer innom Pale, hovudsete for dei bosniske serbarane under krigen. Det var herfrå Radovan Karadzic og Ratko Mladic ga sine ordre. Srebrenica er berre nokre kilometer lenger inne i landet. Byen der 8 000 menn og gutar som hadde overgitt seg blei tatt til fange og henretta. Dette området såg nokre av dei verste krigshandlingane i Europa etter andre verdskrig.

Om ettermiddagen krysser vi elva Drina og reiser inn i Serbia att. Stål- og betongbrua vi skal krysse ved byen Zvornik er på ingen måter så vakker som brua Ivo Andric skildra nokre mil lenger sør i Visegrad. Men symbolikken til elva, som i dag markerer grensa mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia, er framleis tung, og bringer fram det eksistensielle spørsmålet: har landet vi legg bak oss ei framtid?
Elva Drina. På venstre side Bosnia-Hercegovina. På høgre side Serbia.

Det er dessverre lite som tyder på det. Den administrative oppbygginga av landet gjer det umogleg å få gjennomført reformer. Serberane blokkerer alle forsøk på endring, fordi dei vil at Bosnia-Hercegovina skal mislykkast. Unge kroatar flytter til Kroatia der dei kan ha ei framtid. På mange måtar liknar Bosnia-Hercegovina på Jugoslavia på 1970- og 80-talet. Konsekvensen i Jugoslavia vart i første omgang økonomisk katastrofe og i neste omgang blodig krig. Kva som vil vere konsekvensen i Bosnia-Hercegovina vil framtida vise.

Ingen kommentarer: