onsdag 27. juni 2007

VEGEN TIL SOFIA

Det finnast ingen betre måtar å reise på enn med tog. Nattog er spesielt fascinerande: ein legg seg og søv i ein by og veit ingenting om kva ein vil sjå når ein vaknar neste morgon. Nokre av dei beste reiseopplevingane har eg hatt nettopp etter å ha vakna i ei sovevogn, titta ut gjennom vindauget og i det fjerne sett anten den kinesiske muren mot horisonten eller sebraer og sjiraffar på slettene utanfor Nairobi.

Det kjem likevel til stunder der ein forbannar denne lidenskapen for å forflytte seg på skinner. Måndag kveld var ei slik stund.

I fleire dagar hadde temperaturen i Bucuresti ligge rundt 40 grader; eit punkt på temperaturmålaren som eg fram til førre veke berre hadde eit teoretisk forhold til. Toget vårt hadde avgang 19.39 frå Bucuresti Nord og skulle bruke omlag 12 timar på turen til Visdommens by, Sofia.


Klare for avgang. Det er varmt, det er klamt og tvilen har byrja å kome.

Lufta inne i kupeen var kvelande, og må ha vore godt over 50 grader. Ann-Mari peika oppløfta mot eit skilt på veggen som oppfordra om ikkje å opne vindauget, då det ville gjere airconditionanlegget mindre effektivt. Så sat vi der med lukka vindauge og håpa på at det etterkvart skulle strøyme kald luft inn til oss.

Under planlegginga av slike togturar ser eg alltid for meg toget frå filmen ”Mord på Orientekspressen”. Ein smakfull og dempa luksus, elegante konduktørar i kvite uniformer og sjølvsagt restaurantvogna som serverer dei lekraste rettar og er det sosiale hjartet i toget.

Konduktøren på vår orientekspress dukka opp i bermudashorts og ein slitt singlet. Han såg på oss med forundring i auga og lurte på kvifor vi ikkje opna vindauget. Airconditionanlegget verka sjølvsagt ikkje.

Fascinerande nok kom toget vårt heile vegen frå Moskva og plukka opp vogner på vegen. Som ein ironisk kommentar til den politiske utviklinga i Europa, rulla vi avgarde frå Bucuresti med våre rumenske vogner fremst, dei russiske bakerst og dei ukrainske stangande fram og tilbake i midten.

Dei fyrste passasjerane som reiste med Orientekspressen i 1883 vart frakta med båt over Donau mellom Romania og Bulgaria. Orientfararar anno 2007 står bom stille på ein nedsliten togstasjon og venter og venter og venter på at grensepolitiet skal sjekke alle dei pussige personane toget har plukka opp på vegen frå Russland. Lufta står stille og varmen er intens.

Det er då i eit svakt augneblink tenkjer: ”Er dette den beste måten å reise på?” Av det apatiske ansiktsuttrykket til Ann-Mari kan eg sjå at denne tanken har vore uutalt hjå henne ei stund allereie.

6 timar seinare: Eg vaknar og ser ut av vindauget. Toget er på veg gjennom dei vakre Balkanfjella i det sola står opp. Små landsbyar vaknar til liv i åssidene i det toget durer forbi. Tvilen frå i går er borte: Det er ingenting som er betre enn å vakne i ei sovevogn og oppdage at ein har hamna på Balkan i løpet av natta.


Soloppgang over Balkanfjella i Bulgaria

Bilete tatt frå hotellrommet vårt i Sofia. Bakerst Aleksandar Nevskij-kirken, i midten parlamentet og i forgrunnen den russiske tsar Aleksander II som bulgararane gir æra for å ha kasta ut tyrkarane. I morgon reiser vi til byen som vore avgjerande for Bulgaria si historie: Istanbul.

Ingen kommentarer: