søndag 24. juni 2007

BUCURESTI

40 gradar i skuggen er varmt. 40 gradar i skuggen er særleg varmt i det vi karar oss dei siste metrane opp Bulevardul Unirii mot Casa Poporului (Folkets hus). ”Galskap” er ordet som ligg nærmast i det vi nærmar oss verdas nest største hus. 1/5 av det historiske Bucuresti forsvann under bygginga av palasset og området rundt. Bulevarden vi har traska opp er 1 meter lenger enn Champs-Elysées i Paris. Kor mykje skade kan ikkje ein mann med mindreverdigheitskompleks gjere?


Folkets hus i Bucuresti. Berre Pentagon i USA er større.

Ceausescu freista å ”systematisere” Bucuresti. I det vi har kome inn i palasset og står på balkongen og ser utover byen, går tankane til dataspelet SimCity. Kven var vel ikkje freista til å jamne store områder med jorda, for å kunne bygge den perfekte bulevarden opp til ordførarhuset som vi hadde gjort oss fortent til? Mykje kunne vore ugjort, om vesle Nicolae hadde fått leikt med SimCity som liten. Då hadde han sett at folk slett ikkje vert nøgde når husa deira vert rivne ned, tenkjer eg, der eg står på balkongen på Fokets hus.


Utsikta frå balkongen på Folkets hus. Alt på biletet vart bygd for å passe til palasset.

Det må seiast, at det kan synast som om ikkje Ceausescu var den fyrste rumenaren med ei monumental legning. Heilt frå slutten av 1800-talet har dei bygd monumentalt i Bucuresti. Dersom det skulle arrangerast eit europameisterskap i monumentalbygg og lange bulevardar, ville nok Bucuresti gjort det skarpt. Det er som om byen skrik til oss når vi rundar gatehjørna, for å overtyde oss om at vi er komne til ein kulturby og til eit kulturfolk med røter tilbake til Romerriket. Som eit oppslag stolt forkynte på ”Småbondemuseet” som vi vitja i dag: ”Romania ligg i stolsona, lenger aust sit dei på golvet”.

Det er ingen tvil om at Romania er eit kulturland, og eg må innrømme at eg lett kan la meg begeistre av både monumentalbygg og breie bulevardar, men i Bucuresti er det noko som ikkje stemmer. Ein får inntrykk av at alle dei svære bygga har vorte samla i ein stor sekk, rista godt, og så kasta tilfeldig utover byen.


Urbant, monumentalt kaos.

Det kan vere at overgangen frå middelalderske Brasov vart for brå. Vi har surra rundt i gatene her og freista å finne hjartet av byen. Staden der folk sit og et iskrem, når temperaturen har falle til behaglege 35 grader om kvelden. I staden så finn vi berre desse store mastodontane av nokre bygg overalt. Kanskje har vi berre for kort tid til å utforske byen og finne dei hemmelege skattane?

Eit teikn på at det må vere noko positivt med å bu i denne byen, er at folk stort sett er veldig hyggelege. Jada, vi vert lurt av drosjesjåførane over ein lav sko, men dei lurer oss i det minste med eit smil om munnen og forklarar oss kvifor vi vert lurt når vi påpeikar at tala på taksameteret spinn som på ein einarma banditt.

Så kva er konklusjonen? Er det verdt å reise til Bucuresti? Vår oppsummering, vel å merke etter berre 2 dagar, er at byen ikkje er spesielt sjarmerande, maten vi har ete har vore veldig middelmådig og servicen generelt dårleg. Romania si historie er likevel så spennande at det åleine forsvarer å bruke eit par dagar av ferien i Bucuresti.

ANN-MARIS HJØRNE
eller: hvorfor Ann-Mari blir mannevond av å gå rundt med turistgrupper.

Jeg merket det allerede i Bran, der vi tuslet bak den surrete portugisiske gruppen full av damer som falt i staver over de flotte teppene/dørene/stolene/bildene for hvert hjørne vi rundet, hvorpå mennene benyttet konenes uoppmerksomhet til å klype den søte unge reiseguiden i baken, at jeg ikke er spesielt glad i å gå i gruppe.

I dag kom det over meg for fullt. Man får ikke slippe inn i Folkets hus her i Bucuresti med mindre man går i guidet gruppe. Marius og jeg fikk en engelsk guide sammen med en gjeng grekere i 50-årene. Det viste seg å være en gjeng med sulliker. Hver gang vi passerte en annen gruppe, mistet vi alltid en eller flere grekere til den andre gruppen og måtte vente på at noen fikk huket dem tilbake.

Dessuten var det en dame blant dem som stilte spørsmål hele tiden. Noen interessante spørsmål, de fleste svært enerverende. Guiden vår sa ganske tidlig at alle materialene i bygget var fra Romania. Allikevel, i hvert sabla rom, spurte denne greske dama om hvor materialene kom fra. Og guiden gjentok: ”Alle materialene i bygget er fra Romania.” Det toppet seg da vi kom inn i et rom med rosa marmor og dama spør: ”Er dette portugisisk marmor?” Da gjorde jeg helt instinktivt en gest som tydeliggjorde hvor utrolig lyst jeg hadde til å filleriste dama, legge henne i bakken og brøle ALT DU SER ER FRA ROMANIA, KJERRING! Hun spurte ikke mer etter det, og resten av turen var en fornøyelse.

1 kommentar:

Therese sa...

Hei:)

Dykk er heldige! TA VARE PÅ TIDA OG KVARANDRE!!

Eg les bloggen nøye.

Takk for jobbsøknadar og CV!! Det er til god hjelp:)

Klem frå Therese
(ps: eg trur også at Ann-Mari er meir vampyr enn Marius:) Veit ikkje kvifor, men slik er det berre)...