fredag 22. juni 2007

TIL LANDET BAKOM SKOGANE

Kva er vel betre enn å vakne opp i to overprisa og skitne senger på nattoget frå Budapest til Bucuresti og sjå dei rullande transilvanske åsane rulle forbi? Og la oss slå det fast med ein gong: Transilvania er ikkje mykje skummelt, med mindre ein er av dei, viss nakkehår reiser seg ved synet av Gudbrandsdalen ein klar junidag.


Transilvania, observert frå Dacia Express ein junimorgon. Skummelt?

Men vakkert er det her, og dei små landsbyane som passerer utanfor togvindauget ser ut til å ha stått stille sidan middelalderen. I sentrum av landsbyane ei stor vindskeiv kyrkje, omkransa av små vindskeive hus. I gatene og på åkrane er hest og kjerre framleis eit vanleg framkomstmiddel. Og det slår ein: dette er også Europa i 2007. Kva kan vel betre synleggjere utfordringane til både EU og det nye EU-landet Romania, enn synet av ein gammal gamp på veg til landsbyen nærmast knelande under vekta av eit enormt høylass.

Vi hoppa av toget i Brasov, ein by bygd av tyskarane som har halde til i området sidan 1200-talet. Byen er svært sjarmerande, kanskje fyrst og fremst fordi gamlebyen enno ser gammal ut og ikkje som ei historisk kulisse som i Tallinn eller Vilnius. Byen skal ha blitt erobra av fyrst Vlad Tepes, aka Dracula, på 1400-talet.


Torget i Brasov

Transilvania byrja som eit av dei viktigaste områda i Europa, som den kulturelle vogga til stormakta Ungarn. Gradvis vart området skyvd meir og meir ut i periferien og enda tilslutt opp for vesteuropearane som eit skrekkromantisk fjellområde som symboliserte det ville og det vonde i kontrast til det siviliserte Vest-Europa. Som den svenske historikaren Kristian Gerner påpeiker, er Transilvania det fremste eksempelet på i kor stor grad dikting, ikkje forskingsresultat og vitskapleg kunnskap, påverkar vår oppfatning av fortida.

Grev Dracula kan likevel vere Transilvania si redning. Potensialet for turisme knytta til Dracula-myten er enormt. For å gi vår skjerv til den kommersielle utnyttinga av stakkars gamle Vlad, reiste vi i dag til det som vert marknadsført som ”Dracula-slottet”. Noko det sjølvsagt ikkje er, men Vlad skal ha vore innom her ein gong.

Vi burde ana uråd allereie frå byrjinga, då vi stod i billettkø saman med ei pensjonistgruppe frå Portugal, ei gruppe frå Israel samt to lokale barneskuleklasser. Så slapp vi inn og kunne gå som ein saueflokk opp bakkane mot vondskapens siste utpost. Problemet var at slottet ikkje var spesielt skummelt. Noko seier meg at den verkelege Dracula ikkje ville gjort seg så flid med sommarblomane i altankassene som tilfellet var på dette slottet.


Borggården på Dracula sitt slott. Nesten heimekoseleg.


Sidan romma og gangane på slottet var relativt små, hamna vi allereie frå starten i ei klemme mellom ei av dei rumenske skuleklassene og gruppa med pensjonistar frå Portugal. Ei selsom oppleving, som fekk tanken på å møte Grev Dracula i ei av trappene til å verke forlysteleg.

Draculaslottet vert litt skumlare i svart-kvitt.


Dracula var veldig påpasseleg med å fylgje sikkerheitsforeskrifter, og merka alle naudutgangar tydeleg.

I morgon er det slutt på våre transilvanske eventyr og turen går vidare sørover mot hovudstaden i Romania, Bucuresti.

ANN-MARIS HJØRNE,
eller: hva som egentlig skjedde i Draculas slott...

Som tidligere beskrevet, travet vi i kø gjennom lyse og trivelige og svært uvampyriske rom. Det vil si, helt til vi fant den hemmelige trappen som er skjult i borggårdens brønn. Den førte ned til en skummel og sparsommelig opplyst kjeller hvor flaggermusene hang tett. Med ett hørte vi den knirkende lyden av et kistelokk som åpnet seg. Ut steg en kappekledt og likblek mann med to bemerkelsesverdig lange tenner. Han kom mot oss mens han sa (med skikkelig tjukk rumensk aksent): ”I am count Dracula. Welcome to my castle. Are you thirsty? I know I am...” Deretter ble det svart.

På bussen hjem igjen tenkte jeg at det hele må ha vært en drøm, fremkalt av for mange vampyrfilmer og Buffy-episoder. Men jeg har siden lagt merke til en del små endringer i vår begges adferd. Marius bestiller stadig blodig biff, mens jeg er klar for hva som helst, så lenge det ikke inneholder hvitløk. Men det jeg har aller mest lyst på, er halsen til Marius...

Hvem er best vampyr, Marius eller Ann-Mari?


Marius som vampyr

Ann-Mari som vampyr

2 kommentarer:

Unknown sa...

Jeg stemmer virkelig for Ann-Mari! Blikket sier alt.. (hun har nok et konkurransefortrinn i og med at hun sannsynligvis har sett et par flere episoder av Buffy enn de fleste..)

Ellen-Christina O H sa...

fantastisk!! Lol. Stemmer på at Ann-Mari er skumlest vampyr ja.