måndag 30. juni 2008

MELLOM BARK OG VED I DEI KVITERUSSISKE SKOGANE

Etter 3 lange dagar med forhandlingar i Minsk, tenkte det kviterussiske vertskapet vårt at vi burde verte betre kjende med kvarandre. Vi vart difor frakta til eit lite småbruk i den vestlege delen av Kviterussland, ikkje så langt unna byen som, om ein overset namnet til norsk, heiter Myggby. Ein perfekt stad for turar i skog og mark, med andre ord.

Sola er i ferd med å gjere temperaturen meir behageleg i det vi legg ut på vår ekskursjon. Terrenget er ikkje alt for utfordrande, med slake bakkar som ei lett avveksling til det flate landskapet. Vi går frå sjø til sjø og høyrer historiene om korleis dei har fått namna sine.

Store deler av skogen er ny; han vart planta for å øydeleggje den dyrka marka som var i private hender etter andre verdskrigen. Nokre stader kryssar vi enger fulle av markjordbær. Grønt gras, blåkvit himmel og raude jordbær. Det er ein idyll som står i sterk kontrast til det biletet ein vanlegvis har av Aust-Europa.

Ut på ettermiddagen har både kropps- og lufttemperaturen nådd slike høgder at ynskje om eit bad melder seg. I det vi kjem til Den blå sjøen, hoppar vi i vatnet og kjenner det friske vatnet kitle i øyrene.


Å kalle meg ein skogens mann, ville nok vere ei overdriving. Eg synes likevel at dette biletet ser ganske realistisk ut. Det er noko Lars-Monsen-aktig over det.


Idyllen på landsbygda i Kviterussland står i sterk kontrast til dei politiske tilhøva. Her er eit bilete av to representanter av landets fauna og flora.

Men vart vi betre kjent med kvarandre?

Eg ligg på øvste benken i ein banja, ein kviterussisk sauna. Mine forslag om å kanskje ta på ein badeshorts eller i alle fall ta med eit handkle fall på steingrunn. Ein kviterussar slår laus på meg ein eller annan form for ris, medan mine kollegaer frå Sverige og Finland sit og ser på. Til og med finnen er litt skeptisk. Eg tenkjer at dette kanskje ikkje var ein så god idé likevel. Når mannen som piskar meg ber meg leggje meg over på ryggen, vert denne tanken ytterlegare styrka.

Eg kjenner at vi kanskje vert litt vel godt kjende, men i internasjonalt arbeid må ein av og til berre bite tenna saman og fylgje lokale skikkar. Når eg ei stund seinare står og piskar min nakne, svenske kollega, tenkjer eg like fullt at tilhøvet mellom LSU og LNU aldri kan verte det same igjen.


Småbruket der vi bodde. Ein stork hadde bygd seg reir i toppen av ein stolpe midt på tunet

Sola har gått ned over det vesle gardsbruket vårt, og storken som har bygd reir midt på tunet har gått til ro. Eit lett slør av tåke har lagt seg over enga rundt garden. Vi har kome oss ut av saunaen og fått eit stort grillspyd i handa av den kviterussiske rockestjerna Andrej. ”And after sauna... vodka”, seier Andrej, som om det skulle vere ei naturlov på linje med jorda sin gang rundt sola.

Når vodkaen tek slutt, kjem heimbrenten på bordet. Ein lokal fyr har vore inne i skuret og funne fram eit svært glas med heimebrygg. Også dette tek slutt, og ei svær umerka plastflaske med noko med same farge som pærebrus dukkar opp. Det er mange ting som må skålast for slik ein fin kveld, og Andrej er hektisk opptatt med å fylle glasa. Igjen er det berre ein ting som tel: å bite tenna saman fylgje lokale skikkar. Det er ein tøff jobb, men nokon må gjere den. Na zdarovije!


Underteikna freister seg som smed, med heller tvilsomt resultat. Spikeren eg laga (ja det er faktisk ganske vanskeleg å lage spiker) vart imidlertid kasta i søpla av kviterussisk flyplasspoliti

Ingen kommentarer: