fredag 27. april 2007

KURS FOR DIKTATORAR DEL 1: Korleis nytte TV for å manipulere folket ditt
Og: Marius debuterer som kulisse på aserbajdsjansk TV

Som ein innbyggar i eit demokratisk land som i all hovudsak respekterer menneskerettane, spør eg meg av og til: korleis kan folk i land som Kviterussland, Aserbajdsjan eller litt meir ekstremt Nord-Korea, støtte sine udemokratiske autoritære leiarar. Det er slik at om det hadde vore fullstendig demokratiske val i Aserbajdsjan i dag, så ville nok den sitande presidenten Ilham Aliev vunne suverent.

Etter dagen i dag så forstår eg litt meir av korleis det er mogeleg å manipulere eit heilt folk. Men for å forstå korleis det skjedde, må eg byrje på byrjinga av dagen:

Dette var dagen for den offisielle opninga av Det europeiske ungdomsforumet sitt medlemsmøte. Vertsorganisasjonen, det aserbajdsjanske ungdomsrådet (NAYORA), hadde invitert ungdoms- og sportsministeren og viseutanriksministeren til å kome og helse møtet.


Utsikta frå min plass i dag

Vi hadde fått vite på førehand at ungdomsministeren ville svare på spørsmål etter si helsing, så vi brukte tid, i forkant, på å planlegge spørsmål saman med danskane.

Då det vart opna for debatt var delegasjonsleiar Christine fyrst oppe for å tegne seg til innlegg. Spørsmålet vi stilte gjekk på forfølging av ungdomsorganisasjonar, der vi viste til rapportar frå Human Rights Watch og Amnesty som viser at forfølginga har auka, og at familiane til ungdomsaktivister vert trakasert. Vi avslutta spørsmålet med å seie at "vi går ut i frå at du som ungdomsminister deler vår bekymring for utviklinga, og vi lurer på kva du har tenkt å gjere for å sikre retten til å organisere seg i Aserbajdsjan, i tråd med forpliktingane de har som medlem av Europarådet."

For oss var det viktigast å få stilt spørsmålet, ikkje så mykje kva han kom til å svare. Etter at Christine hadde stilt vårt spørsmål, kom det fleire kritiske spørsmål til ministeren. Av totalt kanskje 6 spørsmål, var 5 kritiske. Fleire påpeikte det uheldige i at det var delt ut propagandamateriell om Nagorno-Karabakh-konflikten mellom Armenia og Aserbajdsjan, og at vi ikkje ville ta stilling til den krigen.

Svara frå ministeren var som forventa: det er ingen problemer med ungdomsorganisasjonar i Aserbajdsjan, og på grunn av den utrulege innflytelsesrike armenske lobbyen i våre heimland, må Aserbajdsjan nytte høvet til å fortelle oss den eigentlege sanninga når vi var på besøk.

Som eg skreiv i den fyrste posten på veg til Baku, så har LNU og DUF sendt ut ei felles pressemelding der vi er kritiske til å ha møtet i her. På slutten av sitt svar tok utruleg nok ministeren tak i denne pressemeldinga frå "youth in Denmark and Norway". Det var utruleg å site der i salen og høyre eit aserbajdsjansk regjeringsmedlem kritisere ei pressemelding som Rune og eg har site på kontoret og snekra saman.

Han valgte likevel ikkje å gå inn på substansen i pressemeldinga, men han hang seg opp i at det var utruleg uhøvisk av oss å bruke ordet "regime" om den aserbajdsjanske staten. Vi hadde også skrive at det var "tension" mellom Aserbajdsjan og Armenia. Ministeren peika på at "There is no tension between Azerbaijan and Armenia, there is war".

Under heile denne debatten hadde det vore eit stort oppbod av kameramenn rundt oss. Tanken på korleis vår kritikk ville verte vist på aserbajdsjansk TV var derfor påtrengande. Eg benka meg framfor TV-en for å få meg 5-nyheitene på den statlege TV-stasjonen AzTV. Det var i løpet av dei 15 minutta nyhendesendinga varte at det kom klårare for meg korleis ein kan manipulere eit heilt folk.

Ja, vårt møte var hovudsak. Men før dei viste reportasjen frå møtet, var det ein 8 minutt lang sekvens (av ei sending på 15 minutt) der nyhendeankeret berre las opp ymse direktiv frå president Ilham Aliev (ja, sonen til han som fleire av delegatane vart lurt til å legge blomster på grava til i går). Heile tida med eit bilete av Ilham på skjermen. Sekvensen vart avslutta med referat frå alle møta presidenten hadde hatt i løpet av dagen.


Alle nyhendesendingane byrja med ein 8-10 minutters sekvens der nyhendeopplesaren las opp kva president Ilham Aliev hadde bestemt seg for i dag, mens dette biletet vart vist.

Og så kom vår sak. Den varte ganske lenge, men i staden for lyd frå sjølve møtet var det lagt på voice over. Eg hadde på førehand rigga meg til med mobiltelefonen slik at eg kunne ta opp lyden og få den oversatt etterpå. TV-bileta viste dei to ministerane, kryssklippa med glade ungdommar som klappa. Dei viste også bilete av dei som haldt kritiske innlegg, men som sagt utan lyden.


Delegasjonsleiar Christine held kritisk innlegg på aserbajdsjanske Dagsrevyen. Om det er tvil, det er meg til venstre...

Eg fekk tak i ein aserbajdsjanar som eg kjente frå sist eg var her og fekk han til å oversette lydsporet. Innslaget byrja med generell referering av flosklane dei ulike ministerane kom med. Då dei viste bilete av dei som stilte kritiske spørsmål sa reporteren: "Ut frå dei spørsmåla som dei tilreisande gjestane stilte, var det tydelig at dei var dårleg informert om Karabakh-konflikta". Ingenting anna.

Så slik er det altså ein kan manipulere eit folk. Ein tar ei nyhendesending på 15 minutt. Dedikerer halvparten av tida til opplesing av presidenten sine siste gjeremål (kan vere viktig: eit av presidenten sine direktiv i dag, var ei auka satsing på Aserbajdsjan som sjakknasjon), deretter sender ein reportasjar som overhode ikkje stemmer med røynda.

No gjenstår det berre å sjå om vi vert attkjende på gata når vi skal ut og spise middag i kveld.

2 kommentarer:

Therese sa...

hehehe:)
STILIG!
-Men reknar med at du forstår at Aserbadjansk tv ikkje tel i konkurransa over norske tv opptredenar:)

Forøvrig veldig spennande å lese!

Anonym sa...

Vi vil ha flere kurs! Vi vil ikke bare bli diktatorer, lær oss å bli ekte øst-europeere!
>Terje R