måndag 14. januar 2008

... AND A HAPPY OLD NEW YEAR

”Hviterusseren har ivaretatt den berømte østeuropeiske surheten fra kommunisttiden, og utviklet den videre mot det absolutte endepunkt av mutthet, der et smil eller et spontant gledesutbrudd nærmest er å regne som en blodig fornærmelse.”
(Morten Strøksnes Automobil; ei bok om ein roadtrip gjennom Aust-Europa frå Vilnius til Istanbul.)

”Minsk er som Sovjetunionen for 30 år siden. Her har tiden stått stille”
(Tilfeldig nordmann eg møtte på flyplassen i Minsk)

Sayanora! Jenta med museflettene og den japanske klednaden smiler hjarteleg mot meg. ”Da svidanja”, svarar eg, lettare forvirra av den kulturelle kompleksiteten eg står ovanfor. Kven skulle tru at Minsk også er eit sushi-mekka? Min svenske kollega og eg blei nok litt flakkande i blikket då vertskapet foreslo ein sushibar for dagens middag. I det vi forlet åstaden er vi berre veldig nøgde.

Og for ein service! Etter å ha vitja 10 av 15 tidlegare sovjetstatar (manglar alt som slutter på ”-stan” i Sentral-Asia), kan eg utan tvil konkludere med at Kviterussland ligg fleire divisjonar framfor dei andre når det gjeld det å være hyggjeleg og imøtekomande mot utlendingar. Til og med resepsjonsdamene på hotellet er så hjelpsame og smilande at det nesten er litt skummelt.

Brøøøl! Brøøøøl! Det er ein time sidan vi forlot sushibaren. Vi har flytta oss til utkanten av Minsk, i ei bakgate bak jernbanestasjonen. Blokka vi står framfor er heilt mørk, og eg tenkjer vi må ha gått feil. Vi vert førte ned ei trapp, og inn i eit kjellarlokale. I det vi går over dørstokken startar musikken. Kviterussisk hardrock.

Det er nyttårskonsert. 13. januar vert feira som ”gammal nyttårsaftan” i Kviterussland; datoen for nyttårsfeiringa etter den ortodokse kyrkja sin kalender. Årets konsert er hard, og den vert berre hardare og hardare for kvart band som kjem på scena.


Maskefjes og vennane hans speler opp til dans paa lokalet. Veldig skumle, men nyttaarspynten oydelegg litt av imaget deira...


..., men stemninga er paa topp likevel

For fyrste gong kan Marius sin reiseblogg ogsaa tilby video fraa mobiltelefon. Vil du sjaa Maskefjes og bandet roe det heile ned med ei ballade. Sjekk her: http://www.youtube.com/watch?v=9tKxC-Z3TZo

No er ikkje eg den som vanlegvis frekventerer denne type konsertar i Norge. Difor vert eg overraska over meg sjølv når eg merkar kor glad musikken gjer meg. Der eg står og gliser tenkjer eg at eg må ha verdas kulaste jobb, som kan avslutte ein lang arbeidsdag med sushi og hardrock i Europas siste diktatur.

Etter lange dagar med møter i Minsk, går turen i morgon til den kviterussiske landsbygda. Vi skal bo hjå foreldra til ei av dei aktive i søsterorganisasjonen vår. Mora har allereie sendt melding om at ho har fyrt opp heimbrentapparatet til ære for gjestane.

Godt gammalt nytt år!

Ingen kommentarer: