torsdag 10. januar 2008

KVITERUSSLAND

Tripp, tripp, tripp hopp. Og hopp. Mannen som hoppar rundt i den brune og alt for tronge strømpebuksa skal førestille ein nøtteknekkar. Han hoppar og dansar rundt til akkompagnement frå Tsjajkovskij. Sprett, hopp, hopp og snurrrrrr.

Eg sit i Republikk-palasset i Minsk, saman med begeistra kviterussarar i alle aldersgrupper. Nøtteknekkaren er nyttårsballetten framfor nokon, og stemninga står i taket kvar gong strømpebuksemannen hoppar litt ekstra høgt eller snurrar litt ekstra raskt.

Idet teppet går opp, er det nøyaktig 12 timar sidan eg gjekk på flybussen på Rødtvet og 3 timar sidan eg kom til Minsk. Det har byrja å røyne på; eg merker eg er trøytt.

Ein horde med kvitkledde kvinner hopper også fram og tilbake på scena, og dei kvitkledde minner unekteleg om ein gjeng sauer som driv med hekkeløp. 1..., 2..., 3..., 4,...snork. Nei, eg må ikkje byrje å telle! Stolane er så mjuke og Marius så trøtt, og eg merker at eg ikkje klarer å halde merksemda på Masja og den litt irriterande nøtteknekkaren hennar.

---------

Kviterussland vert gjerne kalla Europas siste diktatur. Landet vart nærast symbolet på det gamle Europa; ei kuriøs påminning om det Aust-Europa som eksisterte fram til 1991.

Aleksander Grigorjevitsj Lukasjenko skal ha mykje av skulda for dette. Den tidlegare kyllingbonden har gjort alt for bremse Kviterussland si utvikling både økonomisk og politisk. Som president har han gjort landet til eit godt gammaldags diktatur, sjølv om kviterussiske styresmakter nektar for dette på det sterkaste. På internettsidene til presidenten står følgande:

“There isn’t any “dictatorship” here, the country is being governed by an ordinary man who understands his place in politics and understands what place our Belarus should occupy in the world.” (link: http://www.president.gov.by/en/press10003.html )

No kan ordet diktatur lett verte misbrukt, men eg vil påstå at eit land der presidenten til og med ser på frimerkeklubbar som ei fare mot riket sin tryggleik, har eit problem. Alt som ikkje er kontrollert av staten er per definisjon ein fare, og får ikkje eksistere.

Derfor eksisterer ikkje organisasjonen eg møter i Minsk. Som så mange andre organisasjonar lever den eit liv i skjul. Derfor må eg gi meg ut for å vere turist når eg møter grensepolitiet. Derfor kan eg ikkje ha noko i bagasjen min som kan røpe kven eg skal møte i landet.



Skal ein reise i dei meir diktatoriske stroka av Europa, er det av og til naudsynt å reise som turist heller enn som det ein er. Då er det sjølvsagt også naudsynt å sjå ut som ein turist for å lure militsiaen. Dette biletet er henta frå 2002 då eg infiltrerte Kreml kledd som ein turist

Ja, situasjonen i Kviterussland er forferdeleg når det gjeld både menneskerettar og demokrati, men vi er i dag ved eit punkt i historia der det er umogeleg å seie om Kviterussland representerer Aust-Europa si fortid eller framtid. I ein region der respekten for menneskerettane står svakt, og der frie val berre unntaksvis vert gjennomførde, er det dessverre ingen grunn til å vere optimist.

----------

Før eg anar ordet av det har Masja vakna, og ho forstår at historia om musekongen og nøtteknekkaren som vart til ein prins berre var ein draum. Eg håper ingen har merka at også eg har vore i draumeland.

Jubelen i salen vil ingen ende ta. Vaksne og barn smiler frå øyre til øyre på veg ut frå palasset. På utsida står eit gigantisk nyttårstre og glitrar så sjølvsikkert at juletreet på Universitetsplassen ville mista nålene av skam. Svermande ungdommar går hand i hand på skøyter rundt treet.


Utanfor Republikk-palasset kosar barn og unge seg med skoytedans rundt nyttaarstreet

Eg merker eg vert stuss. Dette er jo eit diktatur! Burde ikkje folk gå med bøygd hovud frå gatehjørne til gatehjørne? Korleis er det mogeleg å sjå lykkeleg ut når ein lever under eit slikt regime? Veit dei ikkje sitt eige beste?

Det ein fyrst og fremst lærer ved å reise er at verda er meir kompleks enn ein fyrst trudde. Minsk er rett og slett ein sabla hyggjeleg stad!

Ingen kommentarer: