onsdag 16. januar 2008

GØY PÅ LANDET

Vi er på veg til den nordlege delen av Kviterussland i ein gammal Honda utan støytdemparar. Det smell i understellet kvar gong vi køyrer over ein hump. Landsbyane ligg som små øyer på dei store jorda vi køyrer forbi. I Kviterussland er det framleis kollektivbruk som gjeld.

Arven frå Sovjetunionen er tydeleg så snart ein kjem utanfor sentrum av Minsk. Byen Polatsk var ein gong i sentrum av alt. Tilknytta Hansa-nettverket, ein stop-over på vegen mellom St. Petersburg og Bysants, ein stad der ein kunne handle med arabiske pengar. I dag er Polatsk ein utkant i Europas utkant.


Stemningsbilete frå den delen av Polatsk sentrum som er mest representativ.

Utkanten av byen ser ut som eit sosialt byggeprosjekt som har gått frykteleg galt. Byens stoltheit er katedralen som blei bygd her på 1000-talet, og som Napoleon øydela då han var på gjennomreise.

Eg er sikker på Nappe fekk betre traktement då han var her enn det vi gjorde. Vi fant ikkje ein privat kafé i Polatsk og enda opp på ein offentleg kafé med ein heller tvilsam dekor. Dei tilsette på kaféen såg ut som ein parodi på austeuropeiske servitørar, med sterkt bleika hår og kraftig sminke. Håra i svinefileten min tyda likevel på at det må vere minst ein person med mørkt halvlangt hår på kjøkkenet.

I Vitsebsk, kjent for å vere fødebyen til Marc Chagall, var derimot maten svært privat. Eg var innlosjert i huset til ein familie rett utanfor byen. Mor i huset hadde verkeleg gjort seg flid med maten, og det smakte svært godt. Spesielt morosamt at hovudretten viste seg å vere potetball, ein av mine yndlingsrettar som eg ikkje rakk å ete då eg var heime i jula. Når det i tillegg blei diska opp med ymse salatar og rømmesild blei stemninga god.

Til maten fekk vi heimelaga druejuice og ”alcohol from special illegal mechanism in the woods”. Ein drykk som det finnast eit mykje kortare ord for på norsk.


Huset der eg tilbrakte sist natt. Eit klassisk kviterussisk hus på landsbygda.

Og kva skjer elles i Kviterussland? I går heldt Luka ein pressekonferanse der han annonserte at landet vil skaffe seg atomkraftverk. Og sidan dette er eit spørsmål om rikets tryggleik, vil han ikkje ha noko av at nokon ville debattere temaet. I et land som framleis slit med etterverknadane av Tsjernobyl er dette sjølvsagt kontroversielt, og noko som alle vi har møtt har vore opptatt av.


Marius og Marx i Vitsebsk


Det tek gjerne litt av når kviterussarar skal pynte nyttårstreet. Nyttårstreet i Vitsebsk er eit godt døme. Representanten frå dei væpna styrkane er ein bonus.

No er eg på veg heimatt etter ei svært spennande reise For den som er interessert i å lese den meir offisielle versjonen av noko av det eg har opplevd på turen, kan lese ein artikkel eg har skrive på www.lnu.no:
http://www.lnu.no/pages/nyhet.aspx?nr=10417

Ingen kommentarer: