torsdag 7. august 2008

MOT AUST IGJEN

Turen til Kviterussland tidlegare i sommar, omtala lenger nede i bloggen, må ha utløyst nokre innestengde kjensler i meg. Etter at eg kom attende til Oslo og sivilisasjonen, kunne eg ikkje finne roa; det var som om heile den euro-asiatiske taigaen song sirenesong. I draumane mine kunne eg høyre ulvane hyle og bjørnane brumme. Villmarka kalla.

Mot slutten av sommarferien måtte noko gjerast. Lommeboka var tom og gode råd var dyre. Å reise attende til Kviterussland ville vere for dyrt. Men kunne det finnast nokon plass nærmare Oslo der det kunne vere mogeleg å gjenskape opplevingane frå den kviterussiske villmarka. Kvar kunne vi finne ein stad med store mengder barskog, stor produksjon av heimbrent og med eit politisk system sterkt prega av alt for mange år med sosialistisk styre? Vi sette kursen mot Hedmark fylke.

Hedmark er kanskje ikkje så skummelt, tenkjer du. Kanskje har du tatt ein rast på Hamar ein solskinsdag på veg nordover. Eller til og med drista deg til å køyre Riksveg 3 på tur til Trøndelag.

Men der er eit anna Hedmark, lenger inne i skogane der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det er der det er så mykje bjørn og ulv at dei innfødde ikkje lenger kan ete fårikål på verandaen. Det var dit vi skulle.


Hedmark. Tilsynelatande ein idyll. Men det boblar under overflata

Berre utstyrt med NAFs veibok (2004-utgåva) som hjelpemiddel la vi i veg for å utforske dette store fylket i aust. Målet var å reise utanfor dei oppmerka løypene. Når vegskilta ba oss svinge til venstre, så skulle vi svinge til høgre. Fanst det ein omveg, så skulle vi køyre han.


Kartlesar Ann-Mari konsulterer NAF-boka

På vegen ville vi ha nærkontakt med naturen, og kanskje til og med få festa nokre skikkelege villdyr på minnekortet. Turen vart ikkje slik vi hadde tenkt. Det vi fann gjorde oss skremde.

For kva fann vi? Vi fann eit samfunn i ferd med å gå i oppløysing på grunn av trugselen frå rovdyra. Hedmarkingane kjenner seg som gislar i eige fylke.

I dei større byane gjekk livet nokolunde som normalt. I Kongsvinger hadde enkelte drista seg ut i gatene. Berre den store militære aktiviteten ved Kongsvinger festning gav teikn om at ikkje alt var som det skulle. Festninga, som i 350 år har forsvart hedmarkingane mot farane frå aust, rustar seg igjen til strid.

På Elverum hadde dei gått lenger. Utanfor Tinghuset hadde dei plassert tre bjørnar som ei åtvaring. Den største bjørnen, tydlegvis ei binne, har akkurat vorte skoten av ein hedmarking og vi ser dei små bjørnungane kaste seg over henne i djup sorg. Vi høyrde rykte om brenning av bøker. Bøkene om bjørnen Paddington og den vesle bjørnen og den vesle tigeren vart kasta på bålet. Gamle videokassettar med Teodor gjekk same veg.


Ei dramatisk åtvaring til ein kvar bjørn som nærmar seg Elverum

Vi vart også åtvara då folk høyrde kvar vi var på veg. Men vi hadde bestemt oss. Vi skulle nordover. På vegen gjennom Stor-Elvdal passerte vi fråflytta gardar. Nervane var tydleg i høgspenn. Betjeninga på Koppangtunet flakka nervøst med blikket då eg spurte om dei hadde lam på menyen. Var eg venn eller fiende?

Rendalen. Allereie i det vi passerer kommunegrensa forstår vi at dette er alvor. Nokon har gitt kommunevåpenet eit solid skot med hagla. Vi køyrer gjennom tett furuskog og ser lite folk. Det er kanskje ikkje så rart. Kvar rendøling har i snitt 2 kvadratkilometer å boltre seg på. Og folketalet går nedover. I Oslo går det som samanlikning 1200 personar per kvadratkilometer. Kor mange bjørn og ulv som bur i Rendalen seier NAF-boka ingenting om.


Velkommen til Rendalen. Kven er det som har skote med hagle på kommunevåpenet? Ulv, bjørn eller ordføraren i Stor-Elvdal?

Kommunen freistar å lokke folk dit og satsar på reiseliv. Dei har sjølvsagt laga eit bygdetun som dei har klart å få omtala i NAF-boka. Her budde visst Jacob Breda Bull, Rendalen sin store son. Han reiste frå bygda då han var 16.


Den andre turistattraksjonen i Rendalen. Eit stort tre, "Dronninga", med kronvidde på 6 meter og 11 meter kvistfri stamme (tal frå 2004)

Vi gjer som Jacob og reiser frå bygda. Vi køyrer vidare til kommunar som Tynset og Os. Før vi kjem til Engerdal. Temperaturen fell under 12 grader og vi må køyre opp taket på bilen. Dette er, som det meste av Hedmark, ein arbeiderpartibastion, og partiet fekk over 50% av stemmene ved lokalvalet i fjor. Sylvia Brustad kjem frå Engerdal. Kanskje får ho også eit eige bygdetun omtalt i NAF-boka om nokre år, slik Bull i nabodalen fekk. Om det framleis bur folk her då, vel å merke.


På villmarkssafari nyttar ein sjølvsagt open bil. Ann-Mari tok jobben med å finne vegar utanfor allfarveg på alvor.

Eit visst tilsig av folk er det likevel i Engerdal. Kommunen har asylmottak. Kva tenkjer dei, asylsøkjarane som kjem frå storbyar rundt omkring i verda, når dei vert plasserte her ute i skauen, milevis frå sivilisasjonen, som grensevern mot rovdyra?


Det vart tid til litt reinspotting (takk til Ann-Mari for biletteksta)

Eg merkar at nok vert nok. Etter å ha vitja 18 av 22 kommunar i Hedmark på under 48 timar må eg ut. Hedmark har definitivt fått kurert eit kvart behov for barskog. Vi set kursen mot Oslo.

På vegen må vi nesten brøyte oss veg gjennom saueflokkar på veg sørover. Dei er på flukt no, frå det terrorregimet dei har høyrt rykte om i aust. Det einaste håpet deira er at det går mot lysare tider no som ein av deira eigne har kome i landbruksministerstolen, Lars Peder Breeek; mannen som gir fellingstillating fyrst og spør etterpå.

Handlekraft er det Hedmark treng no, tenkjer vi, kryssar grensa til Akershus og pustar letta ut.


Sau på flukt frå Hedmark. Dei fekk berre tid til å ta med seg det dei står og går i.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marius, og takk for artig og inngående reisebeskrivelse fra Hedmark! Merket meg at dere drog rett igjennom mitt barndoms paradis Narjordet i Os kommune... Mye sau i veien der også, men også anna å se og oppleve :-). Bonden bror min har riktignok melkekyr, og kunne sikkert levert et glimrende foredrag om livet på landet - selvfølgelig akkompagnert av mammas kaker:-). Nei, dere får sende et pip neste gang dere er på de trakter! Ellers kan du lese mer om Os kommune, nærmere bestemt Dalsbygda, i denne artikkelen fra vekeavisa Dag og Tid: http://dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1307
Hilsen kollega Signe

Marius sa...

Stemmer det at vi kjørte gjennom Narjordet. Prøvde å se om det stod noe skilt med Nylend noe sted, men fant ikke noe. Veldig koselig bygd. Oddentunet så spesielt hyggelig ut, men vi hadde ikke tid til å stoppe der.

Anonym sa...

å herre min hatt så morsomt! Monica

Anonym sa...

Hei Marius!

Jeg skulle lese det du hadde skrevet om Hviterussland, men strandet her, kvart rendøl som jeg er ;)

Marius sa...

Hehe,

Men da har du hvertfall alle forutsetninger for å trives i Hviterussland Marion ;)