måndag 13. juli 2009

PERFORM A U-TURN WHEN POSSIBLE

Fulle av pågangsmot tenkte vi at vi i år skulle prøve ei ny ferieform. Etter mange år med tog, buss og fly skulle vi endeleg ha ein god gammaldags bilferie. Nord-Spania med spennande natur og god mat blinka seg ut som aktuelt reisemål. Bilferien står for mange som den ypperste av ferieformer, og den klassiske dannelsesreisa, «roadtripen», har vore idyllisert i mange filmar. Vegen ligg der framfør ein, det er berre å trykke inn gasspedalen og la skjebnen føre ein til nye spennande opplevingar. Ein er ikkje lenka til skinner eller tidtabellar: ein kan køyre kvar ein vil, når ein vil.

Det var derfor med store forventningar vi steig inn i vår ekvipasje på flyplassen i Bilbao. Som seg hør og bør i denne delen av Europa var bilen ein Citroën. Kva kan passe betre, tenkte eg nok då eg tinga bilen, og såg for meg ei lett modernisert utgåve av den romantiske 2CVen. Biltype har sjølvsagt mykje å seie. Ein køyrer ikkje rundt i Sør-Europa i ein Cadillac, like lite som ein køyrer frå kyst til kyst i USA med Citroën. At vår Citroën viste seg å vere på størrelse med eit lite hangarskip, og med manøvreringsevne deretter, var difor eit lite skår i gleda.

Ein god kartlesar er viktig når ein er på bilferie. Eg har ofte vorte imponert over samspelet mellom kartlesar og sjåfør under rallyløp. Rask og effektiv kommunikasjon der sjåføren heile tida er oppdatert på kva som ligg føre. Det var aldri tvil om at eg skulle vere sjåfør på turen, sidan det berre er eg som har sertifikat. For å sikre best mogleg navigasjon har vi sikra oss med eit dobbelt system: Ann-Mari med vegatlas som kart-/skilt-lesar og GPS der ei kvinnestemme fortel oss kvar vi skal køyre. Etter to køyredagar kan vi konkludere med ar vi framleis har potensiale til å forbetre samspelet mellom oss tre.

Det byrja dårleg allereie fyrste kvelden då vi etter å ha mista to avkøyringar frå motorvegen byrja forberede oss på å måtte tilbringe natta i evig sirkel på ringvegen rundt Bilbao. Ein foreløpig botn vart nådd i går då eg valde å stole på mitt eige brevdueinnstinkt og ignorere instruksjonar frå både Ann-Mari («Hva gjør du nå?! Nå svingte du av feil!») og GPSen («Perform a U-turn when possible! Perform a U-turn when possible!»). Konsekvensen vart at vi måtte panikkrygge ut av eit nudistområde.

Aprpos rygging. Som tidlegare nevnt er omfanget av bilen noko større enn det eg hadde rekna med. Det er svært lite praktisk når ein skal manøvrere seg gjennom gater som i utgangspunktet var konstruert for esel. Det vert difor ein del rygging. Bilen har ikkje ryggesensor og dette er difor ei rolle Ann-Mari må fylle i tillegg til å vere kart-/skilt-lesar. Her er den «ikkje-verbale» kommunikasjonen viktig, nærare bestemt handbevegelser som fortel sjåføren korleis bilen er plassert i høve omliggande gjenstander.

Også her kunne det kanskje vore lurt å øve litt før vi la ut på langtur. Teiknet «vifting bakover med store handbevegelser» som eg alltid har tyda som «kom igjen, det er rikelig plass bak bilen», tyder for Ann-Mari «det er no 10 centimeter igjen før du køyrer inn i Mercedesen bak deg». Vi hadde ein gjennomgang av kommunikasjonsrutinene etter den hendinga.

Trass GPSen sine stadige oppmodingar om U-svingar, trass det gamle visdomsordet «det er inga skam å snu»: vi går på vidare. Etter eit par dagar i San Sebastian med god mat og bursdagsfeirng, vil vi onsdag igjen ta fatt på landvegen mot nye spennande mål.


God mat og drikke (her representert ved ei fantastisk skinke og litt lokal ost) veg opp for dei trafikale utfordringane vi har stått overfor

4 kommentarer:

kristine sa...

Hørest ut som dokke kosa dokke:P
men hekje du bilde av den berømte bile?=)

Vebjørn sa...

Fantastisk! Jeg sitter her alene på nattevakt og ler høyt av dine fantastiske beskrivelser, formuleringer og opplevelser! Du er utrolig morsom og skriver veldig bra! Kos dere videre i landet der de har et litt snålt forhold til okser.
(Lager utmerket kjøtt av dem ved å først springe om kapp med dem i trange bygater, vifte med flagg foran øynene deres for så å drepe dem med spyd)

i San Sebastian har de forøvrig 3 forskjellige politistyrker.
1 spansk styrke
1 bastisk styrke
1 gjeng opprørspoliti (som slår ned på kampene som oppstår mellom de to førstnevnte(...?))
Tipset er vel å holde seg godt unna alle...

Rune sa...

Henger meg på Kristines ønske: bilde av bil og sjåfør/kartleser er et must på roadtrip. Forstår frustrasjonene knyttet til GPS, den fungerer aldri bedre enn egen intuisjon og innebygd kompass, og foreslår alltid ut-turn, selv midt på de største motorveier.

Jeg har i år valgt en bilfri øy på sørlandet, noe som skaper utfordringer med fartøyer på vann... Dagens minst imponerende øyeblikk var da jeg skulle legge til brygga, kom alt for fort mot land, glemte å sette motoren i fri, men allikevel tok tak i bryggekanten. Skuldra er fortsatt øm, noen sår i handflata, men båten ble lagt til kai med meg dinglende halvveis ut av båten.

Nei, takke seg til bil som har brems.

God tur videre.

Rune

Kjersti Koffeld sa...

Alltid veldi bra me oppdateringe fra reisevirksomheta di:) Og må innrømme æ kjenne mæ litt igjen i fht kartlesing og utfordringe knytta til det, som da æ og han Vegard hadde vår store road trip i baltikum og vi endte opp me å måtte råkjøre gjennom gamlebyen i Tallinn for å rekke ferga til Helsinki, og kor all brusen som va en del av den fortreffelige McDonaldslunchen vi fikk raska me oss endte i fanget på kartleseren og ellers rundt i fremre del av bilen.

Ser jo ellers ut som dokker har funnet go matog drikke, æ e misunnelig og vil også reise dit:)

Kjersti