Viser innlegg med etiketten Ungarn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ungarn. Vis alle innlegg

tysdag 19. juni 2007

BUDAPEST: PÅ JAKT ETTER KAKANIA

Eg har stor sans for historisk sus. Historisk sus er den kjensla du har når du i ein augneblink ser samanhengen mellom deg sjølv, staden du står og liva til dei folka som har stått akkurat der før. Suset slår deg som ein knyttneve i mellomgolvet når du står for eksempel under Brandenburger Tor eller på Den raude plass og tar innover deg lagnadane stadane har sett gjennom historia.


Budapest er ein by som er skapt for historiske sus. Byen var den kongelege delen av det keiserlege-kongelege dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn, med klengenamnet ”Kakania” blant dei mest innbitne vennane. Standarden var satt då vi opna døra til hotellrommet vårt i går.Det skal innrømmast at det er litt tilfeldig kva hotell vi hamna på; valet var basert på gode omtalar på ymse nettsider.


Resultatet var imidlertid storslagent. For 600,- kroner natta var vi losjert inn på eit rom med ei høgd under taket som ville vore ein habsburgkeisar verdig.




Vårt voluminøse hotellrom. Døra til badet er ikkje spesielt lita, det er inngangsdøra som er svær.


Å ta ein sightseeingbuss fyrste dagen ein er i ein ny by, kan vere ein god ting. På kort tid får ein ei viss oversikt over byen, ispedd historiske fakta om byen og landet ein vitjar. Eller historiske fakta? Under vignetten ”And now, a short summary of the history of Hungary”, på eit dødpunkt under vår sightseeingbusstur i dag, kunne den innspelte guiden fortelje solskinshistoria om Ungarn. Kommunistleiaren Bela Kun vart ikkje nemnt, heller ikkje Adminral Horthy og det ungarske holocaust.

At Ungarn måtte gi frå seg det meste av landområdet sitt etter fyrste verdskrigen vart nemnt, men ikkje at årsaka var ungararane si undertrykking av minoritetane i Stor-Ungarn. Det var mykje dramatikk i Ungarn si historie, men det var alltid nokon andre som stod bak, enten tyrkarar, austerrikarar, tyskarar eller russarar, i fylgje ”City Tour Buda & Pest”.

”City Tour Buda & Pest” gir deg den ikkje heilt fullstendige historia om Ungarn på heile 16 ulike språk.

Ikkje at eg hadde forventa at sightseeingbussen skulle vere åstaden for ungararane sitt oppgjer med fortida, men eg vart likevel skremt over historieforfalskinga. Desillusjonert valte eg å besøke det jødiske kvarteret i Budapest. Før andre verdskrigen var byen den neste største jødiske byen i Europa, etter Warszawa.

På vegen til det jødiske museet gjekk eg feil og hamna ved ei anna synagoge. Eg gjekk inn og oppdaga at eg var den einaste i heile bygget. Alt av interiør var også vekke, med unntak av noko bygningsmateriale som låg slengt i hjørna. Det einaste blikkfanget var to svartkvitt bilete heilt framme i synagoga; bileta viste synagoga slik den ein gong må ha sett ut.

Synagogen


Då kom det tidlegare omtalte historiske suset. I ein augneblink kunne eg tenkje meg tilbake til 1944 og deportasjonen av jødane frå Budapest. Slik måtte synagogen sett ut etter at alle jødane var bortsendt og ungararar og andre hadde tatt interiøret.

Ungarn og Sentraleuropa var den multikulturelle smeltedigelen som feila fundamentalt. Det einaste håpet for framtida er at ein har lært av fortida. Men har ein det når den fortida som vert presentert på ”City Tour Buda & Pest” fornektar eigne feil?

Det gode liv er å sitje på Gerbeaud kafé midt i Budapest og ete kaker som har vorte produsert sidan 1858. Frå kafébordet ser vi eit yrande folkeliv på torget framføre oss, og lite som minner om dei mørke sidene i Ungarn si historie. Det er nesten utenkjeleg at eit folk som er så glade i kaker kan ha vore eit av dei mest undertrykkjande i Europa.

ANN-MARIS HJØRNE
eller: Nå som Marius har tatt seg av det tunge, historisk-filosofiske stoffet, bidrar Ann-Mari med noget lettere lesing.

Budapest; Shopping, sightseeing og spising, i vilkårlig rekkefølge. Ulik mitt reisefølge, koste jeg meg på sightseeingbussturen. Budapest er en vakker by, og jeg syntes det var artig å kjøre rundt og å se de ulike flotte bygningene, samtidig som jeg fikk litt informasjon om dem. Lite visste jeg at det hele var en storstilet propaganda-operasjon for å hjernevaske turister til å tro at Ungarn har en ubesudlet fortid.

Senere på dagen, mens Marius var på synagoge-ekskursjon, vandret jeg nedover Vaci utca, den fiiine handlegaten hvor jeg fikk meg åtte plagg for 800 kr., og det inkluderer to piratbukser og et skjørt :) På kvelden spiste vi på Goa, et spisested jeg haddde fått varmt anbefalt. Jeg har kun en ting å si: Spis der hvis du noen gang er i Budapest! Et kulinarisk høydepunkt!!!

søndag 10. juni 2007

FRÅ BUDAPEST TIL ISTANBUL

Då står årets sommarferie for døra, og Ann-Mari og eg har bestemt oss for å utforske Sentraleuropa. Dette området i Europa som strekker seg frå den polske austersjøkysten i nord til Bosporos i sør, er enno uutforska land for meg. I ei tid der "alle" har vore på weekendtur til Praha eller Budapest, må eg skamfull innrømme at eg ikkje har vore korkje i den eine eller den andre byen.

Vår ferd skal starte på mandag i Budapest og vi reiser vidare gjennom Transylvania, Romania og Bulgaria før vi ender opp i Istanbul. Det er på mange måtar tre historiske reiser på ein gong.

Det er reisa gjennom hjartet av Sentraleuropa, med assosiasjonar til praktfulle byar, fulle av historie og trange gater. Mørke, djupe skogar fulle av borger, slott og prinsesser. Eit kulturelt mangfald av tyskarar, jødar, slavarar og sigøynarar. Sentraleuropa var "det eigentlege Europa" og, på sitt beste, modell for det Europa som multikulturalistar som meg sjølv ynskjer i det 21. hundreåret.

Det er også reisa gjennom det tyrkiske Europa. I 1526 måtte det ungarske kongedømmet gi tapt for det framrykkande ottomanske riket. Med det hadde sultanen i Istanbul kontroll over heile det søraustlege Europa. Ungarn var underlagt sultanen berre i vel hundre år før landet reiste seg og vart ei stormakt i samarbeid med Austerrike. Bulgaria vart formelt verande ein del av det tyrkiske riket heilt fram til 1908. Uansett kor lenge tyrkararne vart verande, kan påverknaden deira sjåast også i dag.

Til slutt er det og ei reise gjennom det kommunistiske Europa. Sovjetunionen kontrollerte Ungarn, Romania og Bulgaria meir eller mindre i 40 år. Likevel må dette seiast å vere ein parentes i historia, samanlikna med dei periodene desse landa har vore underlagt andre makter.

I Noreg har ein ofte ein tendens til å ikkje hugse dei store skilandane mellom kommuniststatane i Sentraleuropa. På den eine sida var Bulgaria alltid flinkast i klassen når det gjaldt å fylgje pålegga frå Moskva. Romania kjørte ei sjølvstendeline der dei snakka Moskva midt i mot og starta ei persondyrking av Ceauşescu som berre kan samanliknast med Nord-Korea. Ungarn var landet som etter at bølgene frå 1956 hadde dempa seg, sakte men sikkert nærma seg Vesten gjennom mellom anna opning for privat næringsverksemd.

Ingen stad er vel meir naturleg å ende opp etter ei slik reise enn Istanbul. "Det andre Rom" som vart hovudstaden til dei muslimske erobrerane av Europa, før den mista all sin status med Atatürk si erklæring av den tyrkiske republikken.

Basert på denne introduksjonen til årets sommerferie, burde vi nok satt til side eit par månader for å utforske området. Dessverre har vi berre 2,5 veker til rådvelde, men liker vi det vi ser kan vi sjølvsagt kome attende igjen og igjen.