OG KORLEIS TELLER EIN EIT LAND?
Målet mitt er at denne bloggen skal sette litt ekstra press på meg sjølv til å både lære meir om reisemåla eg besøker, men også å formidle det eg opplever til andre. Eg har alltid likt å lese andre sine reiseskildringar, og går ut frå at det finst andre som gjer det same.
Så lenge eg har laptopen med meg og tilgang til nettet, så vil eg freiste å poste når eg er ute og reiser og det skjer noko spennande.
Å reise er så mangt. Vi har i lenger tid hatt ein heftig diskusjon på jobben om når ein kan seie at ein har vore i eit land. Diskusjonen tek utgangspunkt i ein konkurranse vi har i familien Seljedal, der målet er å ha så mange reisepoeng som mogeleg. Ein får 1 poeng for land vi besøker i Europa og 2 poeng for land utanfor Europa.
Etter ein ferie i Søraust-Asia i fjor haust er det desverre Therese som ligg i tet. Kristine ligg fortsatt nokre poeng bak meg, men ho har imponerande mange poeng sett i forhold til at ho er 9 år yngre enn meg. At ho no i vinter har kosta inn 6 poeng for Israel, Palestina og Egypt gjer meg uroa.
Mitt utgangspunkt er at det er umogeleg å lage objektive kriterier for når ein har fortjent poeng for eit land. Fleire av mine svært bereiste kollegaer meiner imidlertid at ein må ha vore 24 timar i eit land for at det skal kunne telle. Eit slikt tal på antall timar synes eg er meiningslaust.
I høve jobbreiser skjer det ofte at ein oppheld seg 24 timar i eit land utan å sjå anna en ein flyplass og konferanselokale. Om ein har 6 timar i eit land og på den tida rekk å besøke eit etnografisk museum og ta ein kopp kaffi på torget, så er utbytet mykje større en 24 timar på ein konferanse.
På same måte vil eg på ingen måte sei at eg har lært noko særleg om Hellas etter 14 dagar på ferieøya Karpathos i fjor sommar, mens 4 intensive dagar i Serbia gav meg ei heilt ny forståing av politikk og samfunnstilhøve i landet.
I familien Seljedal sin reisekonkurranse så får ein difor poeng i det ein set foten på bakken i landet. På den måten unngår ein alle definisjonsproblem. Ja, det inneber at også flytransfer gir poeng. Men, mind you, det gir for min del berre eit ekstra poeng for Nederland... I tillegg skal eg innrømme at mine 2 poeng etter 10 minutt i Tanzania også er svært lettkjøpte.
Desse poengreglane er imidlertid ikkje ei oppfordring om å vere så kort tid i eit land som mogeleg. Tvert i mot. Ein bør sjølvsagt freiste å lære så mykje som mogeleg om historie, samfunnstilhøve og folk i landet ein besøker.
Som eit forsett for 2007 vil eg difor freiste å bruke meir tid i landa eg besøker. Kanskje avspasere ein dag for å få sett litt meir enn berre kontora til ulike organisasjonar. Og sjølvsagt skrive om det eg opplever i denne bloggen.
3 kommentarer:
Interesant lesning. Eg er SJØLVSAGT samd med deg!! Ein bør få poeng for land ein har vore i. Korleis kan nokon meine at dersom ein har vore 20 timar i eit land, så har ein ikkje vore i landet? Kvar har ein i såfall vore dei 20 timane?
Eg skal lese bloggen din! både for å lære OG FOR Å HALDE EIT AUGE MED AT DU IKKJE GÅR FORBI MEG I ANTAL POENG!
hmm,intreasant!
Ej he no funne ut at ej he 32 poeng,so de går oppover her,fort:)
å ej e fortsatt bere 20 år:)..jett om ej he masse tid å ta jenn poenga da;)hehe...
Men kjekke blogg!
No he ej laga liste over landa ej he vore i!:)
Heisan, Ettersom jeg er denne kollegaen det refereres til ifht telling av land, og 24-timers regelen, føler jeg at jeg må kommentere litt her.. Det hele dreier seg selvsagt om at man må sette en grense et sted for HVOR lang tid man må ha vært et sted før det kan telles. Og da syns jeg rett og slett at det er latterlig at bare man har satt foten i landet så gir det utslag. Og det er godt Marius at du ser at 10 minutter i Tanzania strengt tatt ikke kan kalles å ha vært "gyldig" i et land;) Selvsagt kan det diskuteres hvor grensa skal gå, 20 timer eller 24, her har jeg da lagt meg på en mer restriktiv linje. Og 24 timer på en flyplass teller ikke heller, da har du i hvertfall ikke sett et land, da mener jeg at 3 dager på konferanse et sted faktisk gir mer uttelling (selv om jeg er fullstendig enig i at det ikke gir et godt og fullverdig inntrykk av et land det heller). Videre i fht familien Seljedals telling, hvordan gjør dere det med togreiser gjennom et land, teller det og?
Til slutt, dette med telling av land, jeg er, som Marius allerede vet, utstyrt med en god porsjon konkurranseinstinkt, og dette gir selvsagt utslag når det gjelder dette og. Jeg prøver å ha en viss ironisk distanse til det hele, men tror jeg lykkes dårlig:) Jeg følger selvsagt også med i fht Marius sin reising og vår interne konkurranse her, og jeg må innrømme at akkurat nå framover, tror jeg du skal få gode muligheter til å hale innpå meg;)
Legg inn en kommentar