måndag 30. april 2007

OG DÅ VAR FORVIRRINGA KOMPLETT


Far og son Aliev. Plakatar der yngtstemann etterteksomt lyttar til sin avdøde far heng overalt i Baku.

Som tidlegare skildra så er det ganske slitsamt å vere internasjonal konsulent. Då eg i 3-tida i går natt freista å skrive eit innlegg på bloggen min, og sovna for annakvart ord, bestemte eg meg for å la blogg vere blogg og få ei god natts svevn.

Søndagen starta roleg med vandring rundt i byen saman med Christine og Rune. Vi vandra rundt i gamlebyen og drakk ein Cola på promenaden ved Det kaspiske hav.


Ein orienteringsstopp på fonteneplassen


Frå gamlebyen i Baku
Gamlebyen med kaspisk hav i bakgrunnen

Om ettermiddagen var det klart for møte med Emin Huseynov, tidlegare leiar av ungdomsrørsla "Maqam". Vi vart anbefalt å møte han av fleire som kjenner tilhøva i Aserbajdsjan. I tilegg fann eg på førehand ein BBC-dokumentar om han på nettet. Anbefaler å sjå denne filmen for den som er interessert i Aserbajdsjan. Den finn de her

Vi hadde fått beskjed om å møte Emin bak ein restaurant i bestemt gate. Vi gjekk gjennom eit noko skummelt smug, men det var heilt umogeleg å finne ut kvar vi skulle møte han. Då eg prøvde å ringe nummeret eg hadde fått oppgitt kom eg til ein kar som snakka veldig dårleg engelsk, men som sa at Emin ville kome om 3-4 timar. Det var ikkje heilt som planlagt, og eg klarte å overtale vedkommande om å kome og møte oss for å få avklart kva som hadde skjedd.

Vi vart møtt og buksert inn på eit kontoret til ein organisasjon som jobber med beskyttelse av journalistar. Etterkvart vart det klart at Emin likevel ville kome om 10 minutt.

Og ganske rett. Han kom saman med det vi trur var kjærasten Sarah. Sarah er frå USA og kom til Aserbajdsjan som fredskorpsar og bestemte seg for å vere att for å hjelpe ungdomsaktivistane. Ja, det høyres ut som en klisjé, men ho forelska seg i denne fridomskjemparen som har Che Gevara som sitt førebilete (dersom vår teori om at ho var kjærasten hans stemmer (det var aldri heilt naturleg å spøre om det)).

Historia Emin kunne fortelle var heilt annaleis enn det vi hadde høyrt før. Han fortalte i detalj om korleis ungdomsrørslene oppererte i forkant og i etterkant av valet i 2005. Ekstra sterkt inntrykk gjorde det då han fortalte om studentane som hadde sveltestreika etter dei hadde vorte utvist frå universitet sitt på grunn av politisk verksemd. Studentane nekta å ta i mot medisinsk behandling under streiken.

Ein vert ganske audmjuk når ein møter folk som er villige til å ofre så mykje for demokrati og fridom.

Emin og Sarah vart også med oss ut for å ete middag. Alt i alt snakka vi med han i over 4 timar; vi tenkte vi måtte suge så mykje informasjon ut av han som mogeleg når vi fyrst hadde fått et møte.


Emin vert grilla av Rune, mens represantane frå Sverige og Island er mållause over dei gode spørsmåla han stiller

I dag har vore siste dagen i Baku, og vi avslutta med enda fleire møter. Vi hadde møter med Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE), med AUF sin partner Social Democratic Youth Organization of Azerbaijan og med Norwegian Humanitarian Enterprise, som er Normisjon sin avdeling i Aserbajdsjan.

Alt sammen var veldig gode møter, men vi vert i grunnen berre meir og meir forvirra desto meir vi lærer. Det er som å pusle eit puslespel der biletet berre vert meir og meir komplekst etterkvart som brikkane fell på plass. Vi har fått omtrent like mange forskjellige versjoner som folk vi har møtt, og alle klagar på kvarandre for at det ikkje er mogeleg å kome ut av denne situasjonen.

Når det gjeld tilhøve til vertsorganisasjonen NAYORA så tok det endå ei ny vendig i dag då vi skulle av stad for å ete middag med sosialdemokratane som er kritiske til NAYORA. Brått merka vi at det var ein fyr som gjekk veldig tett bak oss. Vår kontakt snudde seg og snakka med han på azeri. Så fortsatte vi å gå, men fyren fortsette å fylgje etter oss. Igjen snakka vår kontakt til han, og den andre fyren snudde og gikk.

Det som hadde skjedd var fylgjande: Guten som fulgte oss hadde fått beskjed frå NAYORA om å vere med oss og spise middag. Korkje vi eller han frå sosialdemokratane hadde sett han før.

Eg tenker skrive ein grundig rapport om korleis mitt inntrykk er av at alt henger saman med alt. Den informasjonen vi no har er ganske unik, og det er viktig vi får delt den med andre.

Akkurat no sit vi i hotellbaren og venter på bussen til flyplassen klokka 02:20. Vi har sjekka ut frå romma, og som tidlegare skildra så går alle flya i dette landet midt på natta. Vi er etter planen tilbake i gamlelandet i morgon klokka 11.



Ingen kommentarer: