måndag 23. april 2007

PÅ VEG TIL ASERBAJDSJAN

Aserbajdsjan er nok i utgangspunktet eit land som ein vil føle ei viss spenning ved å reise til. Det er eit land som må seiast å ligge i utkanten av Europa. Aserbajdsjan ligg i den geografiske utkanten av Europa, med grense mot Iran i sør, men landet er også i ein kulturell utkant, som det einaste sjiamuslimske landet i Europa.

Så i utgangspunktet bør ein kjenne det krible i magen når ein sit på flyplassen i Wien og ventar på nattflyet til Baku. Når ein i tillegg har passa på å sende pressemeldingar før ein reiste frå Norge, til ei rekke aserbajdsjanske media der ein i sterke ordelag fordømmer brota på menneskerettane som det autoritære regimet i landet gjer seg skuldige i, då kriblar det enda meir.

Som om det ikkje var nok så har vi avslørt at organisasjonen som er vertskap for møtet vi skal på, har uheldige koplingar til styresmaktene, og at leiaren av denne organisasjonen var valt inn i parlamentet i 2005 ved hjelp av ein porsjon god gammaldags valgfusk. Og nei, vi har ikkje halde desse opplysningane for oss sjølve, men passa på å spreie dei så godt vi kan i dei europeiske ungdomsstrukturane vi deltek i.

Det er med andre ord mykje som kan tyde på at vi ikkje kan vente raud løpar når vi kjem til Baku i morgon tidleg.

Møtet vi skal delta på er medlemsmøtet i Det europeiske ungdomsforumet (YFJ). LNU meiner at det er svært uheldig for truverdet til YFJ som ein organisasjon som jobber for demokrati og menneskerettar, at medlemsmøtet vert sponsa av det aserbajdsjanske regimet. Altså det same regimet som i fylgje Amnesty International og Human Rights Watch forfølger, fengsler og torturerer ungdomspolitikarar.

Derfor ynskjer LNU også å møte anna enn den offisielle versjonen av situasjonen i Aserbajdsjan når vi kjem dit, og eg er med for å organisere møter i for- og etterkant av det offisielle møtet med deltakarar frå Norge og frå dei andre landa i Norden og i Austersjøområdet.

Vi landar klokka 03.30 i natt, og morgondagen byrjar med to møter, fyrst med den norske ambassaden og så med Human Rights House i Baku.

Aserbajdsjan er definitivt ein utkant i Europa både geografisk og kulturelt, men strategisk er landet midt i hjartet av stormaktsspel og oljepengar. Derfor er det få som bryr seg om at ungdomspolitikarar vert sendt i fengsel eller at det meste av folket lever i fattigdom.

Håpet for dei komande dagane i Baku er at litt fleire i Norden og Europa skal få augene opp for forfølginga av politisk opposisjonelle i Aserbajdsjan.

Korleis alt dette går skal sjølvsagt verte skildra på denne bloggen både med ord og bilete!

Marius
Flughafen Wien

2 kommentarer:

Vebjørn Reinsberg sa...

Spennende, Marius!
Gleder meg til en jevn dose skildringer fra spennende reiser!


- Vebjørn

Anonym sa...

Så bra med reiseblogg! Lykke til på Comem - dere gjør en vitkig jobb!

- Monica :-)