tysdag 17. april 2007

KVIFOR ER DET SPENNANDE Å REISE?

Spørsmålet kan synast overflødig. Ein reiser for å oppleve noko nytt, sjå nye stadar og møte nye menneske. Ein reiser ikkje for å sjå det ein ser heime. Det er derfor det til dømes er bannlyst å ete middag på McDonalds når du er i utlandet (kan nokon påstå at dei aldri har gjort det?). Det er derfor ein himlar lett oppgitt med augene til personar som oppsøker skandinaviske restaurantar i syden.

Når ein er ute og reiser skal ein søke etter det nye, det uoppdaga, ja rett og slett det eksotiske. Men kva er det som gjenstår som eksotisk i dag? Det vert vansklegare og vansklegare å oppleve noko genuint. Noko som ikkje er turistifisert. For når ein er turist kan det verke som at det er dei andre turistane som er det eksotiske sin verste fiende.

Redselen over å vere for seint ute til ei genuint eksotisk oppleving er derfor ei viktig drivkraft for den moderne reisande. Har ein ikkje allereie vore i Søraust-Asia så er det vel ikkje nokon grunn til å reise dit, når det å reise til Thailand er like vanlig som å reise til Mallorca?

Korleis kan ein ha ei eksotisk oppleving i 2007, når ein kan finne akkurat den same genuine handlaga veska på masaimarkedet i Nairobi som i ein fjellandsby på Karpathos i Egeerhavet?

Dette har ikkje noko med snobberi å gjere. Dette har å gjere med den subjektive opplevinga ein har der og då av å oppleve noko som ingen andre har opplevd før. Det handler om det vanvittige kicket ein kan få av ei ekte eksotisk oppleving.

Men kva skal ein då gjere når det vert vansklegare og vansklegare å reise til stadar som er uoppdaga? Finnes det grenser for kva ein kan gjere for å få dette kicket?

Boka "Turisten" av Erik Bakken Olafsen handler om nettopp dette. Hovudpersonen i boka er lei av livet som postfunksjonær i Drammen og legg saman med ein kompis ut på ei reise til Ukraina tidleg på 1990-talet. Her merker han at han er for seint ute, Ukraina gir ikkje noko kick lenger, og dei bestemmer seg for å reise til det krigsherja Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan.

Behovet for å oppleve noko ekte tek hovudpersonen vidare til mellom anna Rwanda, Jugoslavia og Nord-Uganda før han til slutt ender opp i ei stridsvogn i Irak.

Sjølv om krigsturisme foreløpig ikkje er vanlig, så har Olafsen eit poeng. Dei stadane i verda det er trygt å reise til, er allereie oppdaga. Kva er då løysinga for oss som ynskjer å tilfredsstille behovet for det eksotiske utan å måtte teikne tilleggsforsikring?

Det er ofte enklare enn ein trur. Det handler om å vere i stand til å sjå det ein opplever på nye måtar. Eg bruke å seie at eg får reisefeber berre eg skal ta 31-bussen heim; ei reise som ein skulle tru ga få rom for dei heilt store eksotiske opplevingane.

Det handler om ei subjektiv oppdaging av opplevingar vi har, og ikkje om geografisk plassering. Det handler ikkje så mykje om vi er i Rwanda, Thailand, Mallorca eller på Carl Berner, men kva blikk vi ser oss rundt med.

Når eg er i stand til å få eit eksotisk kick av ein overfylt buss på veg heim frå jobb, så trur eg i alle fall at eg enno ikkje er for seint ute til å ha bra opplevingar både i Søraust-Asia eller på Mallorca.

2 kommentarer:

Ellen-Christina O H sa...

Fantastisk gøy å lese, Marius! Du er en dyktig skribent, og jeg gleder meg til å følge videre med i bloggen din. Det er artig å høre din vinkling på ting, og evne til å sette ting i et litt annet perspektiv enn mange av oss syden-reisende ser:) Ellen-Christina.

Anonym sa...

Jeg er nok en ekte antiturist: En som tar avstand fra maseturismen; fra grisefester, sydenfylla og hvite plastbord. Å se utover en rosa innsjø i Bolivias Salvador-Dalilandskap er langt bedre enn å snakke med en snøvlende nordmann med vikinghjelm på Gran Canaria. For antituristen er utenlandsturen en moderne dannelsesreise der man skal oppleve noe som føles ekte og eksotiske. Og det er vel fint? Å komme seg litt bort fra hverdagen?

Men det er kanskje på sin plass å se på seg selv med litt ironisk distanse. På reise vil jeg ha ekte opplevelser - å møte noe lokalt, unikt og "autentisk". Men ofte følger jeg relativt slavisk Lonely Planet eller Rough Guide sine tips, som sikrer at jeg får akkurat de samme, billige "autentiske" opplevelsene som tusener på tusener før meg.

Jeg også et par høner å plukke med den mest typiske antituristen - backpackeren:

-Klesstilen: Å slepe seg rundt i verden som en rik fillefrans er ikke å vise folk som virkelig er økonomisk fattige mye respekt.

-Gjerrigheten og paranoiaen: jeg har opplevd mange stygge eksempler med paranoide backpackere lever i en evig redsel for å "bli lurt" og å måtte betale et par kroner mer enn det lokalbefolkningen gjør. Hurra for masseturisten som legger igjen masse penger og bidrar til lokale arbeidsplasser.

For meg er det viktigste som du sier Marius de subjektive opplevelsene man får på reise. Følelsen av å oppdage verden, å møte bra mennesker og å oppleve at man kan se verden på mange ulike måter.

- Monica :-)